
– Vi hadde eit godt år i 2023 og det blir betre i 2024
Mange ville om bord på det nye vindskipet som Olympic fekk overlevert frå Ulstein.
Laurdag var det samla eit lite folkehav på kaia i Fosnavåg for å vere med på dåpen av det nye skipet Olympic Boreas.
Skipet som er skreddarsydd for oppdrag i vindkraftmarknaden, har fått både design, og er bygd av Ulstein-konsernet.
Olympic-reiar Stig Remøy gler seg til å ta i bruk det nye skipet som i første omgang truleg skal ut i nokre korte oppdrag.
– No skal den først ut og teste dette gangvegsystemet på ein offshoreinstallasjon for å vise at det fungerer. Etterpå har vi fleire alternativ vi jobbar med når det gjeld oppdrag, seier han til Nett No.
Skipet vil i første omgang ha hybrid batteridrift, men er budd for metanol som drivstoff for å gjere nullutslepp mogleg.

– Vi ser på vekst framover
Herøy-reiarlaget har ikkje levert rekneskapen for 2023 enno, men Remøy fortel at det er gode tider.
– Vi hadde eit godt år i 2023 og det blir betre i 2024, seier han om utviklinga.
Med Olympic Boreas har reiarlaget 11 skip i flåten, og neste år får dei også levert eit systerskip frå Ulstein Verft.
Remøy legg ikkje skjul på at dei gjerne vil ha fleire skip om moglegheita byr seg.
– Vi ser på vekst framover og er positive til framtida, seier han.

Kan tene like godt på vind som offshore
Det er spådd ein langvarig opptur for offshore i tida framover. Samtidig er det aukande behov for skip til vindkraftindustrien.
Remøy har tidlegare fortalt at kring halvparten av skipa deira no jobbar innan det som blir omtala som fornybarmarknaden.
Reiaren fortel at ratane er gode også i dette segmentet.
– Vi har båtar som går på vind, og som har like god omsetning som dei på olje- og gass, seier han.
På spørsmål om han kan gjere greie for kontraktssituasjonen til flåten, er han meir ordknapp:
– Den er god, svarar Herøy-reiaren.

Fleire lokale leverandørar
Etter dåpen var alle velkomne om bord. Her kunne dei sjå utstyr frå ein rekke lokale leverandørar, mellom anna Kongsberg Maritime, Acel, Mare Safety og Motus Technology.
Sistnemnte har levert ein stor 3D-kompensert kran som ruver på bakdekket.
Les om skipet og sjå bildeserie
Det nye skipet er samanlikna med ein firehjulstrekkar på vinterføre fordi det er utstyrt med Ulstein Group sin Twin X-Stern-løysing. Det betyr at skipet har propellar for hovudframdrift både framme og akter.
Det gjer mellom anna at mannskapet enklare kan halde skipet i ro når dei skal overføre personell til installasjonar til havs,

Publisert: 27.07.2024 17:29
Sist oppdatert: 15.08.2024 06:09