Stig Remoy juli 2024 foto marius
DÅP: Olympic Subsea-reiar Stig Remøy under dåpen av sitt siste flaggskip i Fosnavåg nyleg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Inntektene rett opp – overskotet halvert

Olympic-reiarlaget ser berre gode teikn framover.

Marius Rosbach
06.08.2024

2023-resultatet til Olympic Subsea-reiarlaget viser eit kjempehopp i inntektene i fjor. Samtidig gjekk lønnsemda ned.

Omsetninga til konsernet auka frå 655 til 936 millionar kroner. Fordi kostnadene auka, samtidig som det året før vart gjort store reverseringar av nedskrivingar, vart driftsresultatet betydeleg lågare enn året før.

Resultat før skatt enda på 260 millionar kroner i 2023 – om lag ei halvering frå 2022-tala (sjå tabell under).

Olympic Subsea (konserntal)
Årsresultat (i mill kr)
2023
2022
Driftsinntekter

936,3
648,9
Driftsresultat

334,6
497,3
Resultat før skatt

260
505,4

Døypte skip nummer 11.
Nyleg blei reiarlaget sitt skip nummer 11 i flåten, Olympic Boreas, døypt i Fosnavåg.

Eigar og reiarsjef Stig Remøy fortalde då til Nett No at han var nøgd med fjoråret – og venta at 2024 ville bli betre.

Reiarlaget har eit skip til under bygging ved Ulstein Verft. Remøy såg ikkje vekk frå at reiarlaget ville vekse med fleire skip.

– Vi ser på vekst framover og er positive til framtida, sa han.

75 prosent av inntektene kjem frå dei fem største kundane som er store oljeselskap og operatørar – der Deepocean er den største enkeltkunden, går det fram av årsmeldinga.

Olympic boreas ope skip ko foto marius
STOR INTERESSE: Kø for å kome om bord i det nye Olympic-skipet som blei levert frå Ulstein Verft nyleg. Foto: Marius Rosbach

Fleire marknad vil ha same type skip
Trua på ei lys framtid er også tydeleg i styret sine betraktningar i årsmeldinga.

Reiarlaget opplever allereie konkrete teikn som stadfestar trua på at etterspurnaden etter subsea konstruksjonsskip vil auke.

Både den tradisjonelle olje og gassmarknaden, men også den veksande havvindindustrien vil ha meir behov for slike typar skip – samtidig som tilgjengelege fartøy i marknaden ikkje vil auke stort dei første åra.

Samla sett aukar situasjonen trua på ei positiv utvikling for dagratane for Olympic-flåten, konkluderer styret i årsmeldinga.

Sikra langsiktig finansiering
Reiarlaget hadde 243 sjøfolk i arbeid i fjor og 38 tilsette i administrasjonen på land.

Eigenkapitalen i Olympic Subsea Asa-konsernet var på 733 millionar kroner. Den langsiktig gjelda var då i underkant av 1,2 milliardar.

Selskapet inngjekk tidleg i fjor ein avtale som sikrar finansiering til 2026.

Publisert: 06.08.2024 12:44

Sist oppdatert: 06.08.2024 15:15

Mer om