7. juni skal obligasjonseigarane avgjere om dei godtek det nye refinansieringsforslaget frå In Nord Vest. Om eigarane av meir enn to tredjepartar av lånet på cirka 350 millionar kroner takkar ja blir dei eigarar av knappe 50 prosent av selskapet E. Forland, som eig "Rem Saltire".
Om långivarane vil blir 19,5 millionar kroner av lånet gjort om til aksjar. Refinansieringsplanen går og ut på å utsette betalingsforfall frå september 2018 til juni 2021, tilbakebetaling av 30 millionar til 100 prosent av pålydande og ny eigenkapital på 40 millionar kroner.
In Nord Vest skal gå inn med 20,4 millionar kroner og garanterer også for resten om obligasjonseigarane ikke vil nytte sin rett til å bli med fullt ut.
Avtalen inneber og at In Nord Vest til eineeigar i Forland Shipping.
Eigarane av over 60 prosent av lånet har sagt dei vil støtte framlegget, i følgje innkallinga til obligasjonseigarmøtet.
In Nord Vest gjekk likevel inn i Forland Shipping som deleigar, men med 60 millionar kroner - ikkje 100 som var planen ved full overtaking.
Det som stoppa planen om full overtaking i fjor var manglande støtte frå obligasjonslångivarane som har finansiert "Rem Saltire".
- Vi har hatt dialog i fleire månader, men enno ikkje kome i mål, sa Åge Remøy til NETT NO i starten av mai.
- Vi satsar på å byggje oss vidare opp i Herøy, seier Remøy.
Rem Maritime har også sikra seg 60 prosent eigarskap i Vestland Offshore, med fire nyare PSV-ar og managementselskapet Vestland Management med rundt 300 tilsette.
Om långivarane vil blir 19,5 millionar kroner av lånet gjort om til aksjar. Refinansieringsplanen går og ut på å utsette betalingsforfall frå september 2018 til juni 2021, tilbakebetaling av 30 millionar til 100 prosent av pålydande og ny eigenkapital på 40 millionar kroner.
In Nord Vest skal gå inn med 20,4 millionar kroner og garanterer også for resten om obligasjonseigarane ikke vil nytte sin rett til å bli med fullt ut.
Avtalen inneber og at In Nord Vest til eineeigar i Forland Shipping.
Eigarane av over 60 prosent av lånet har sagt dei vil støtte framlegget, i følgje innkallinga til obligasjonseigarmøtet.
To selskap
I november i fjor sa for få av obligasjonslångivarane ja til In Nord Vest sin plan om å overta heile Forland Shipping, med dei to skipa som no heiter "Rem Saltire" og "Rem Inspector". Dei to skipa var eigd av to datterselskap i Forland Shipping-konsernet, "Rem Saltire" av E. Forland, "Rem Inspector" av Forland Subsea.In Nord Vest gjekk likevel inn i Forland Shipping som deleigar, men med 60 millionar kroner - ikkje 100 som var planen ved full overtaking.
Det som stoppa planen om full overtaking i fjor var manglande støtte frå obligasjonslångivarane som har finansiert "Rem Saltire".
Lange forhandlingar
For å hindre tap av kontrollen over "Rem Saltire" må In Nord Vest ha refinansieringa på plass. Forhandlingane har gått over langt tid.- Vi har hatt dialog i fleire månader, men enno ikkje kome i mål, sa Åge Remøy til NETT NO i starten av mai.
Veks frå Herøy
Alle oppgåver rundt dei to skipa er overflytta til Rem Maritime i Herøy, og den tidlegare Forland Shipping-organisasjonen er avvikla.- Vi satsar på å byggje oss vidare opp i Herøy, seier Remøy.
Rem Maritime har også sikra seg 60 prosent eigarskap i Vestland Offshore, med fire nyare PSV-ar og managementselskapet Vestland Management med rundt 300 tilsette.
Publisert: 28.05.2018 10:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22