Nytt
Rem Star blir krabbebåt
Plattformforsyningsskipet "Rem Star" skal inn i krabbefiske.
28.11.2016
"Rem Star" sitt nye liv blir som krabbebåt i amerikansk og russiske farvatn. Det stadfestar Fredrik Remøy i Rem Offshore.
Båten er seld til ein internasjonal kunde, og skal ut av oljebransjen og inn i fiskeribransjen, skriv selskapet i ei børsmelding.
Prisen Rem Offshore får for skipet, og namnet på kjøparen er ikkje opplyst.
Skipet vart bygd hos Simek i Flekkefjord og er 76,6 meter langt og 16 meter breidt.
Mange utvandra nordmenn har deltatt og deltek i fisket etter den attraktiver kongekrabben og snøkrabben, men små båtar, tunge krabbeteiner og stygt ver gjer at fisket også blir rekna som fartleg.
Båten er seld til ein internasjonal kunde, og skal ut av oljebransjen og inn i fiskeribransjen, skriv selskapet i ei børsmelding.
Prisen Rem Offshore får for skipet, og namnet på kjøparen er ikkje opplyst.
Jakt på alternativ
Rem Star er bygd i 2009 og vart lagt i opplag våren 2015.Skipet vart bygd hos Simek i Flekkefjord og er 76,6 meter langt og 16 meter breidt.
Attraktivt fiske
Krabbefisket i USA og Russland foregår i røffe farvatn og er truleg mest kjent frå TV-serien "Deadliest Catch" på Discovery Channel, med fiskerihamna Dutch Harbour i Alaska som base.Mange utvandra nordmenn har deltatt og deltek i fisket etter den attraktiver kongekrabben og snøkrabben, men små båtar, tunge krabbeteiner og stygt ver gjer at fisket også blir rekna som fartleg.
Publisert: 28.11.2016 15:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04