Remoey viste fram ny krillbaat
Nytt

Remøy viste fram ny krillbåt

Stig Remøy skal bygge nytt krillfiskefarty. Viste fram skipet i dag.

30.07.2019
- Det kjem nyhende i løpet av veka som viser at Olympic Seafood investerer vidare, sa Stig Remøy då han møtte ein delegasjon byråkratar frå Nærings- og fiskeridepartement i dag.
Remøy ville ikkje seie noko meir om krillfartyet - ikkje noko om når blir kontrahert eller kor stor det blir - under presentasjonen, men sa etter møtet med byråkratane at det kjem ei pressemelding i morgon. Kva pressemeldinga i morgon skal handle om ville han ikkje kommentere.

Nye lisensar

Stig Remøy si krillsatsing skjer gjennom selskapet Rimfrost.
I fjor fekk selskapet forlengja fristen for å ta i bruk ein lisens på å fiske krill i Sydishavet til 2020.
Rimfrost sin lisens vart nyleg forlenga til 2020 etter at Rimfrost sin krilltrålar Juvel var overtatt av Aker Biomarine. På møtet i dag stadfesta Stig Remøy at Rimfrost oghså søkjer om fleire lisensar.

Milliardverdi

Etter ein strid med Aker Biomarine om retten til å selje krillolje-produkt for menneskleg konsum vart avgjort til Rimfrost sin fordel i fjor, tok salet seg krarftig opp sanstundes som verdien av varelageret steig.
Remøy anslå at verdien av lageret ville vere rundt 100 millionar kroner om det enda som tilsetning til dyrefôr. No kan det seljast i produkt til menneskleg konsum. å er det snakk om verdiar på rundt ein milliard.

Strid

Remøy dreiv tildlegare krillfiske gjennom selskapet Emerald Fisheries, eit datterselskap av Rimfrost.
Det vart opna konkurs i Emerald Fisheries i februar i fjor, etter at gjeldsforhandlingane i selskapet ikkje førte fram.
Frå Emerald Fisheries si side vart det agumentert med at dei økonomiske vanskane skuldast ein strid med konkurrenten Aker Biomarine, som hadde tatt rettslege steg mot Emerald Fisheries og søsteselskapet Rimfrost, etter skuldingar om at Emerald Fisheries/Rimfrost hadde brote Aker Biomarine sine patentar knytt til krill i USA.
I kjølvatnet av konkursen vart krillfartyet "Juvel" seld på tvangsauksjon, der Aker Biomarine fekk tilslaget.

Dei to konkurrentane er usamde om kven som eig teknologien ombord i Juvel, Emerald Fisheries eller Rimfrost. Tid for rettsaka som skal avgjere striden er ikkje fastsett.

Publisert: 30.07.2019 07:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20