Brør Vidar og Håvard Gjersdal Våde foto Linn
SUKSESS: Saman med far sin, Tore, driv brødrene Våde restauranten Brør Mat og Bryggeri i Volda. F.v: Vidar Gjersdal Våde og Håvard Gjersdal Våde. Foto: Linn A. Solheim
Nytt

Rett opp i toppskiktet

To brør og ein far har etablert ein av dei mest lønsame restaurantane på Nordvestlandet.

Linn Antonie Vårdal Solheim
24.06.2023

To år etter oppstarten går det framleis godt hos Brør Mat og Bryggeri i Osekjellaren i Volda.

Samanlikna med 2021 - som var eit godt år for restaurantbransjen på Nordvestlandet - er Brør Mat og Bryggeri mellom dei aller mest lønsame. Resultatet før skatt i fjor tilsvara 14,5 prosent av driftsinntektene til restauranten.

I 2021 var det berre to restaurantar som hadde høgare driftsmargin enn Brør Mat og Bryggeri hadde i 2022.

På relativt kort tid har bedrifta skapt mange lokale arbeidsplassar. I tillegg til at dei tre eigarane sjølve arbeider på restauranten har dei fleire deltidstilsette og ekstrahjelper.

Frå Oslo-restaurantar til Volda
- Oppstarten gjekk med eit smell, eg trur folk var sveltefora på skikkelig mat. Sidan den tid har det gått jamt og trutt, men det trykket vi hadde dei første to månadene kjem vi nok ikkje til å sjå att, fortel Håvard Gjersdal Våde.

Saman med bror sin, Vidar Gjersdal Våde, og far Tore Våde, starta dei i 2021 restauranten Brør i hjartet av Volda sentrum. Der serverer dei kvalitetsmat av norske råvarer og sjølvbrygga øl til svoltne gjestar frå nær og fjern.

- Vi er opptekne av å bruke matvarer i sesong, og vi nyttar oss av norske råvarer så langt det lar seg gjere. Kvalitet og ferske råvarer er i fokus i alt vi gjer, fortel Vidar Gjersdal Våde.

Han er kjøkkensjef, og før han flytta tilbake til Sunnmøre arbeidde han ved ei rekke topprestaurantar i Oslo.

- Får vi ikkje tak i norsk kjøt og fisk, så har vi heller ikkje kjøt og fisk på menyen, legg bror Håvard til.

Eige øl er bestselgar
Det ligg mykje hardt arbeid og justeringar bak det som møter gjestane når dei går inn dørene til Osekjellaren.

- Konseptet ligg oss nært, og vi har fått tilbakemeldingar frå gjestar om at det er noko som funker godt, fortel Håvard.

Det er mykje godt på menyen som fengar dei som er innom, men særleg det sjølvbrygga ølet har vorte populært. Det er eit resultat av årevis med utvikling og justering, og har blitt eit trekkplaster.

- Eg trur nesten vi sel meir Brør IPA enn vanleg øl på tapp. Folk kjem langvegsfrå, eins ærend for å smake den, seier ein entusiastisk Håvard Våde.

Satsar mot bedrifter og lag
I tida framover ønsker far og søner å satse meir på arrangement og selskap.

- Folk veit kanskje ikkje at det er mogleg, men det har vore nokre av gjestane våre som har oppdaga det sjølve at det går an, og då har vi komfortabelt hatt 40 stykk her inne, seier Vidar Gjersdal Våde.

Restauranten har også fått lokale bedrifter med som kundar.

- Dei lokale bedriftene er flinke til å bruke oss når dei skal ha tilstelningar. Det set vi pris på, og det er viktig for drifta vår, seier Vidar Gjersdal Våde.

Drahjelp frå nabolaget
Etter at at Brør Mat og Bryggeri blei etablert har det blitt ny drift i lokalet som før husa Det Grøne Treet i Volda, like ved Brør Mat og Bryggeri. Lokala er pussa opp og Det Grøne Treet er blitt til Tredet.

- Etableringa av Tredet har vore meir positiv enn negativ for oss, og vårt inntrykk er at folk brukar begge tilboda når dei først er ute. Gjer det til ein heilaften, et med oss først og avsluttar kvelden på Tredet. Fleire uteplassar genererer meir aktivitet, og Tredet genererer meir omsetning i utelivet i området enn det dei kaprar frå oss, seier Håvard Gjersdal Våde.

Brør Mat og Bryggeri AS
Tal i mill. NOK
20222021
Driftsinntekter5,53,3
Driftsresultat0,80,8
Resultat før skatt0,80,8

Publisert: 24.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:07

Mer om