O La Braanaas Sverre Søraa foto Wikimedia Commons Nina ogne
VIL IKKJE MØTES: Sverre Søraa (t.h.) i Coast Seafood vil ikkje ha lakseoppdrettar Ola Braanaas (t.v.) som styremedlem i Blom Fiskeoppdrett, der Coast Seafood er mindretalsaksjonær. Foto: Nina Aldin Thune, Wikimedia Commons/Ogne Øyehaug.
Nytt

Retten stoppa Braanaas

Sverre Søraa i Coast Seafood vann første runde mot lakseoppdrettar Ola Braanas.

04.05.2021

Hordaland Tingrett har i ein kjennelse mellombels nekta lakseoppdrettar Ola Braanaas plass i styret i oppdrettsselskapet Blom Fiskeoppdrett. Braanaas eig og driv oppdrettselskapet Firda Seafood Group.

Dermed vann Coast Seafood-sjef Sverre Søraa fram med kravet om at Braanaas ikkje kan ta plass i styret i Blom Fiskeoppdrett. Heller ikkje Mons Alfred Paulsen, som er styremedlem i Firda, kan veljast inn i Blom Fiskeoppdrett.

Kranglar om pris
Striden om styreplass for Braanaas i Blom Fiskeoppdrett er ein del ein konflikt mellom oppdrettselskaept Blom Fiskeoppdrett i Hordaland og eksportselskapet Coast Seafood i Måløy.

Selskapa har ein avtale om at Coast Seafood skal kjøpe all fisken frå Blom Fiskeoppdrett. I fjor haust stoppa Blom Fiskeoppdrett å levere fisk til Coast Seafood og skulda Coast Seafood for å ha betalt underpris for fisken, skuldingar Coast Seafood avviste. Coast krev og at Blom skal byrje på levere laks igjen. Den konflikten er ikkje avgjort i retten enno.

Medeigarar
I 2014 blei Coast Seafood medeigar i Blom Fiskeoppdrett og i 2016 auka eigarandelen til 34 prosent. Resten er eigd av Blom-familien, gjennom selskapet Blom Gruppen.

I følgje Coast Seafood takka selskapet i fjor nei til eit bod frå Blom Gruppen på aksjane til Coast Seafood i Blom Fiskeoppdrett.

Partnarskap
Tidlegare i år varsla Blom Gruppen og Firda Seafood Group eit samarbeid, og seinare og at Braanaas skal velgast inn i styret.

Coast Seafood meiner det er å sleppe ein konkurrent til ved styrebordet til Blom Fiskeoppdrett. Coast Seafood har både klaga til Konkurransetilsynet og gått til retten for å stoppe valet av Braanaas - som altså gav Coast Seafood medhald.

Publisert: 04.05.2021 08:55

Sist oppdatert: 04.05.2021 08:55