NTB kl I fgfhr Hc 1
Riksmeklar Mats Ruland (midten), NHOs administrerande direktør Ole Erik Almlid (t.h.) og LO-leiar Peggy Hessen Følsvik møter pressa etter brotet i meklinga i lønnsoppgjeret for 2023. Foto: Terje Pedersen / NTB
Nytt

Riksmeklaren: NHO godtok skisse, men LO sa nei

Riksmeklar Mats Ruland stadfestar brot i meklinga mellom NHO og LO.

16.04.2023

NPK-NTB: – Eg kan dessverre kunngjere at vi ikkje har klart å komme fram til ei semje i meklinga og at vi er i ein konfliktsituasjon, seier Ruland.

Han fortel at han la fram ei skisse til løysing heilt på slutten av meklinga.

– Den skissa har arbeidsgivar akseptert, medan ho har vorte forkasta frå arbeidstakar. Det er ikkje grunnlag for å halde fram arbeidet no, seier Ruland.

23.000 i streik
23.000 fagorganiserte går ut i streik frå måndag.

LO stadfestar på nettsidene sine at det er brot i meklingane og at 25.000 går ut i streik frå måndag. Det talet inkluderer også YS-medlemmene, men det har ikkje komme ei stadfesting på om YS har brote.

Partane har vore i mekling hos Riksmeklaren sidan fredag klokka 10 for å bli samde om storleiken på lønnsoppgjeret. Fristen for å semjast var ved midnatt natt til søndag, men meklinga heldt fram på overtid.

Lønnsoppgjeret er eit mellomoppgjer, som vil seie at det berre blir forhandla om lønn. Det har aldri tidlegare vore streik i eit mellomoppgjer i moderne tid.

LO tek ut nesten 23.000 i streik, medan YS har varsla at dei tek ut 1.500.

Historisk streik
LO har varsla at dei trappar opp streiken og tek 15.509 medlemmer til ut i streik frå fredag. Etter det FriFagbevegelse erfarer, var streikeuttaket ein reaksjon frå LO på at NHO var lite imøtekommande i forhandlingane.

Lønnsoppgjeret er eit mellomoppgjer, som vil seie at det berre blir forhandla om lønn. Ramma i frontfaget er førande for dei andre lønnsoppgjera som kjem på løpande band utover våren.

Det betyr at den lønnsauken industrien toler, blir omtrent han dei andre gruppene i det organiserte arbeidslivet kan vente seg.

Det er første gong i historia det har vorte streik i eit mellomoppgjer.

No kan ølkranane bli stengde
LO ville ha reallønnsvekst for medlemmene sine, altså ein lønnsvekst som er høgare enn prisstiginga.

Anslaget frå Det tekniske berekningsutvalet (TBU) viser at prisane vil stige med 4,9 prosent i år.

Ein eventuell streik kjem til å ramme hardt, breitt og over heile landet, varsla dei to hovudorganisasjonane LO og YS då dei kom med dei første streikeuttaka sine tysdag.

LOs liste over medlemmer som blir tekne ut er lang, men fleire av uttaka skjer hos bryggjeri som Ringnes, Hansa og Mack. Dermed kan stengde ølkraner bli ei følgje av streiken. Hos Coca-Cola blir litt over tekne 120 ut i streik.

Også matindustrien, under dette Orkla, og dei store industrilokomotiva i leverandørindustrien, der Fellesforbundet har mange medlemmer, kan rammast hardt. Dette gjeld bedrifter som Aker Solutions, Aibel, Kaefer og STA for å nemne nokon.

I tillegg vil ferjetransporten landet rundt rammes generelt.

Publisert: 16.04.2023 19:37

Sist oppdatert: 16.04.2023 21:41