(NETT NO/ NPK-NTB): Riksrevisjonen kallar fleire forhold rundt straumnettet i Noreg kritikkverdige . Meiner Energidepartementet må trappa opp tiltaka sine for å sikra kapasitet.
Dei tre forholda som blir trekte fram som kritikkverdige i rapporten er:
- Det er i store delar av landet ikkje nok kapasitet i straumnettet.
- Energidepartementet har ikkje gjort nødvendige endringar i verkemiddel eller tiltak for å sikra tilstrekkeleg kapasitet.
- Den samla reguleringa og kontrollen av Statnett og nettselskapa bidreg ikkje i tilstrekkeleg grad til at investeringar blir gjorde i tide.
«Kritikkverdig» er nest sterkaste grad av kritikk som Riksrevisjonen opererer med.
Ikkje kapasitet frå Sognefjorden og nordover
Riksrevisjonen trekkjer fram at frå Sognefjorden og nordover, er det ikkje nok nettkapasitet til at kundar kan reservere ny kapasitet til større forbruk.
Det har mellom andre Vartdal Plast og Norwegian Hydrogen fått merke.
Vartdal Plast brukar fossil energi til å oppvarming i produksjonsprosessen på ved hovudanlegget på Vartdal, og får ikkje lagt om til elektrisitet på grunn av kapasitetsmangel i straumnettet.
I 2030 reknar selskapet med å måtte betale 25 millionar kroner i året i CO2-avgift, om dei ikkje får høve til å gå over til å bruke straum.
Norwegian Hydrogen vil bygge eit stort produksjonsanlegg for hydrogen i Ørskog, men fekk ikkje den straumen selskapet søkte om i fjor - og har nedskalert planane.
Les også
Vartdal Plast betalar titals millionar i CO2-avgift årleg. Konsernsjefen foreslår ei anna løysing.
Norwegian Hydrogen er eitt av fleire selskap på Nordvestlandet som er på venteliste for å få straum.
Fullt, eller snart fullt
Mange stader på Sør- og Vestlandet vurderer Statnett den tilgjengelege kapasiteten nærare. Det er altså uklart kor mykje kapasitet det er igjen.
– Mange stader er straumnettet fullbooka. Det er rett og slett ikkje plass til at alle som treng straum kan kopla seg på. Og der det ikkje er fullt, blir det snart fullt, sa riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen under presentasjonen tysdag.
Riksrevisoren peikar på at nye bedrifter kan risikere å venta opptil 15 år på ny kapasitet. Også dagens regulering og kontroll får kritikk, fordi den ikkje klarer å sikra rask nok utbygging og effektiv utnytting av straumnettet.
Brukar ikkje straumen
– Mykje nettkapasitet er reservert av kundar som ikkje bruker straumen eingong!
Schjøtt-Pedersen samanlikna det med ikkje å bli sloppe inn på ein restaurant der det er ledige bord, fordi desse borda er reserverte av kundar som ikkje møter opp.
Riksrevisjonen peikar på at Statnett og nettselskapa ikkje har tilstrekkelege insentiv eller krav til å utnytta nettet effektivt, og at det tek for lang tid å gjennomføra tiltak i straumnettet.
Tilrådingar
Energidepartementet får også direkte kritikk for at ein ikkje har gjort endringar i rammeverket overfor Statnett og NVE. Det kjem også ei rekkje tilrådingar til både Energidepartementet og andre styresmakter.
Riksrevisjonen tilrår at dei gjer grep for å sørgja for at nettutviklinga skjer med utgangspunkt i prognosar og planar for framtida, og at investeringar blir gjorde i tide.
– Det er ei utfordring at sjølve systemet ikkje er rigga for å vera i forkant, seier Schjøtt-Pedersen.
Samtidig anerkjenner Riksrevisjonen at det er mange, dels motstridande omsyn som speler inn når ein planlegg straumnettet.
- Les rapporten (ekstern lenke)
Publisert: 18.03.2025 14:23
Sist oppdatert: 18.03.2025 14:23