Milliardsatsing utsett grunna kraftmangel
Norwegian Hydrogen er eitt av fleire selskap på Nordvestlandet som er på venteliste for å få straum.
Norwegian Hydrogen planla ei milliardsatsing ved Sjøholt. I første omgang blir det satsing i langt mindre skala.
Ifølgje Statnett er heile 27 prosjekt i prisområdet NO3 - som grovt sagt omfattar området mellom Sognefjorden i sør, svenskegrensa i aust og grensa mot Nordland i nord - sett på venteliste på ubestemt tid.
Eitt av dei er Norwegian Hydrogen si planlagde utbygging av eit stort produksjon- og utskipingsanlegg for hydrogen ved Sjøholt
Milliardsatsing på Sjøholt
Norwegian Hydrogen skal starte produksjon av hydrogen på Hellesylt i år, men har planar om fleire og langt større anlegg - mellom anna ved Sjøholt.
I fjor sommar varsla Norwegian Hydrogen ei kraftig oppjustering av planane ved Sjøholt. Det som først var planlagt som ei millioninvestering, skulle bli ei milliardinvestering. Hydrogenet frå anlegget skulle bli ei ny eksportvare.
Selskapet skal produsere hydrogen ved hjelp av elektrolyse, der straum blir brukt til å spalte vatn til hydrogen og oksygen. Når prosessen blir reversert, blir det frigjort energi som kan brukast til å drive alt frå små båtar til store skip - med vatn som einaste utslepp.
Byggjer i mindre skala
I desember i fjor blei det klart for Norwegian Hydrogen at dei må vente lenger på krafta enn selskapet ønskte seg.
No har dei vald å arbeide vidare med dei opphavlege planane, medan dei vil utvikle det store eksportprosjektet i eit lengre tidsperspektiv, seier dagleg leiar Jens Berge til NETTNO.
Det innber eit anlegg med ein kapasitet til å bruke 20 MW straum, i staden for 270 MW som det store anlegget vil kreve. Dei 20 MW med kapasitet som Norwegian Hydrogen treng til eit mindre anlegg, har selskapet allereie fått tildelt.
Berge seier ei bygging i mindre skala korkje vil fordyre, eller forseinke ei større utbygging seinare. Heller tvert imot, fordi ein del av infrastrukturen som må til for eit større anlegg, uansett blir bygd som ein del av ei mindre utbygging.
Manglar nettkapasitet
Det er to forklaringar på at det ikkje er nok straum til alle i NETT.NO sitt dekningsområde, ifølgje administrerande direktør Rune Kiperberg i nettselskapet Linja.
Manglande kapasitet i kraftnettet til å hente nok kraft frå andre område er det eine, og for lite produksjon i NO3-området er det andre. Linja er nettselskapet til Tafjord, Tussa og Sogn og Fjordane Energi.
Kraftmangelen er dramatisk, fordi det kan bidra til at næringsprosjekt ikkje blir sett ut i livet, seier Linja-sjefen.
Industri og oppdrett
Statnett har anonymisert kva for selskap som blei sett på venteliste på ubestemt tid, men oppgir stikkord for kva dei hadde planar om.
Fem prosjekt som søkte om kraft, handla om å etablere produksjon av hydrogen og ammoniakk, mellom dei Norwegian Hydrogen si satsing.
13 prosjekt har fått merkelappen industri, to oppdrett, tre transport, to datasenter, eitt batteriproduksjon, eitt petroleum og nettselskap/forbruk.
Kraft er heitt tema
Tilgangen på elektrisk kraft har blitt eit heitt tema, både nasjonalt og regionalt.
Tidlegare i januar sa fylkesordførar Anders Riise i Møre og Romsdal at mangel på kraft ei ei av dei største utfordringane for fylket.
– Det er ein stor etterspurnad etter energi i Møre og Romsdal, som vi ikkje har i dag, sa Riise.
Årets Haramskonferansen, tysdag 13. februar har energiproduksjon og forsyningssituasjonen i regionen som nesten einerådande tema frå start til slutt. LO-sjef Peggy Hessen Følsvik, viseadministrerande direktør Anniken Haugli frå NHO og Tafjord Kraft-sjef Erik Espeset er blant innleiarane.
Publisert: 02.02.2024 05:00
Sist oppdatert: 01.02.2024 22:34