Fyrkjel Vartdal Plast johan Bertel Vartdal foto Ogne
FYRKJEL: Isolasjonsmateriale til fiskekasser, emballasje og byggisolasjon treng damp i produksjonen. Det krev energi som Vartdal Plast-konsernet får frå store propankjela, som denne ved hovudanlegget på Vartdal. Johan Bertel Vartdal (ståande ved fyrkjelen) arbeider med elektro og automasjon i konsernet, oppgaver som mellom anna omfattar fyrkjlear og energibruk. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Manglar straum som kan kutte utslepp og kostnader

Vartdal Plast betalar titals millionar i CO2-avgift årleg. Konsernsjefen foreslår ei anna løysing.

09.02.2024

Vartdal Plast-konsernet måtte ut med 12 millionar kroner i CO2-avgift i fjor. Og straumen som kunne spart selskapet for avgifta - og klimaet for utsleppa - er ikkje tilgjengeleg.

Avgifta blei innført for å stimulere næringslivet til å legge om til energikjelder som ikkje gir utslepp av CO2.

Det står ikkje på viljen, men på mangel på elektrisk kraft, ifølgje Vartdal Plast-sjef Jan Endre Vartdal.

Vil auke frå 12 til 25 millionar
Vartdal Plast lagar isolasjonsmateriale til fiskekasser, emballasje og byggisolasjonselement av ekspanderbart polystyren (eps).

Til produksjonen trengst damp, og for å varme opp vatnet trengs energi. For Vartdal Plast betyr det propan og naturgass, som gir CO2-gass ved forbrenning. Det betalte konsernet i fjor 12 millionar kroner i CO2-avgift for.

CO2-avgifta skal auke fram til år 2030, og vil då utgjere 25 millionar kroner i året for Ørsta-konsernet med dagens produksjon.

Manglar straum i heile Noreg
På Vartdal Plast sitt hovudanlegg på Vartdal i Ørsta er det både mangel på nettkapasitet og tilgang på kraft som er problemet.

Slik er det også for Vartdal Plast sine seks andre produksjonsanlegg i Noreg, seier Jan Endre Vartdal.

Selskapet har også vurdert biogass og/eller flisfyring basert på tremateriale som energikjelde.

Men etter hans vurdering er det fare for at styresmaktene bestemmer seg for at biogass skal reserverast for transportsektoren, og at industrien må elektrifiserast. Difor er det risikabelt å investere i noko slikt.

Vil ha endring i CO2-avgifta.
I dag tek det lang tid og det er kostbart å få på plass den nettkapasiteten som må til. Nettselskapa er lite viljuge til å ta den investeringa, og Vartdal Plast og annan industri må difor dekkje desse kostnadane sjølv, ifølgje Jan Endre Vartdal.

Han vil ha ei endring i CO2-avgifta.

– CO2-avgifta burde i sin heilskap gått til å elektrifisere konsernet, der vi kunne krevd frådrag i CO2-avgifta i høve til investeringane bedrifta gjer i elektrifisering/nettkapasitetsutbygging. Det gagnar igjen samfunnet - som får betre infrastruktur, seier han.

Vartdal plast
FORESLÅR ENDRING: Vartdal Plast-sjef Jan Endre Vartdal (innfelt) vil ha ei endring i CO2-avgifta, der bedrifter får fråtrekk i avgifta for investeringar til elektrifisering. Foto: Ogne Øyehaug

Saknar løysingar
Denne veka var Vartdal deltakar på NHO sin regionale årskonferanse for Møre og Romsdal.

Der var tema både kraftforsyningssituasjonen i fylket, og kva som må til for å nå dei politisk fastsette måla om stor reduksjon i CO2-utsleppa. Problemet for Vartdal er at han ikkje finn løysinga for eiga bedrift. Den fann han heller ikkje på NHO-konferansen.

– Eg kunne godt tenkt meg ein konferanse med løysingar, seier Vartdal.

På venteliste
NETT NO skreiv i førre veke at Statnett har plassert 27 av 30 større prosjekt som har søkt om å få levert straum på venteliste. Søknadane gjeld prosjekt i området Trøndelag, delar av Innlandet, Møre og Romsdal samt Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden.

Mellom anna har selskapet Norwegian Hydrogen søkt om straum til eit stort produksjonsanlegg ved Sjøholt. Den søknaden er blant dei som er sett på venteliste fordi det ikkje er nok straum å finne lokalt. Området manglar også overføringskapasitet slik at straumen kunne hentast frå andre område.

Konsekvensen for Norwegian Hydrogen er at selskapet i første omgang kjem til å byggje eit langt mindre anlegg ved Sjøholt enn selskapet ønskte seg.

Publisert: 09.02.2024 09:53

Sist oppdatert: 09.02.2024 20:53

Mer om