Rimfrost fyller kassa
AUKAR INNTEKTENE: Rimfrost Holding-konsernet, med Stig Remøy (innfelt) som største eigar har ein ny krilltrålar under bygging. Selskapet har nettopp vunne striden med konkurrenten Aker Biomarine om retten til produksjonsteknologien ombord i det førre fartøyet.
Nytt

Rimfrost fyller kassa

Sterk auke i salet, ny kapital og omgjering av gjeld til aksjar fyller kassa og styrkjer eigenkapitalen i krill-konsernet Rimfrost Holding.

04.09.2020
Rimfrost Holding eig krillfiskeselskapet Rimfrost, og har ein krilltrålar under bygging og driv sal av krillprodukt frå lager frå tidlegare fiske.
Varelageret til datterselskapet Rimfrost vart skrive opp med 181 millionar kroner i 2018 etter ei betring i marknaden, ifølgje selskapet.

2019-rekneskapen til Rimfrost Holding-konsernet viser at det var grunnlag for oppskrivinga. Driftsinntektene auka frå 137 til 304 millionar kroner (sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida).
"Konsernets krillvirksomhet har hatt en betydlig økning i salg av sine produkter i 2019. Den gode trenden er ytterligere forsterket så langt i første halvår 2020. Dette har også økt konsernets kontantbeholding vesentlig i løpet av 2020.", skriv Rimfrost Holding i årsreknskapen for 2019.

Gjeld til aksjar

Stig Remøy sitt selskap SRR Invest gjorde 75,7 millionar kroner i gjeld om til aksjar i Rimfrost Holding og lånte 155 millionar frå nye eigarar. Også den gjelda skal gjerast om til aksjar.
Omgjeringa av gjeld til aksjar skjedde i samband med kapitalutvidinga i Rimfrost Holding tidlegare i år, der mellom andre Roger Halsebakks selskap Ronja Capital gjekk inn med ny eigenkapital i selskapet.

"Styret finner det hensiktmessig å styrke selskapets egenkapital, og foreslår derfor at fordringen som SRR Invest har mot selskapet konverteres til egenkapital" skriv styret i Rimfrost Holding i si fråsegn i samband med kapitalutvidinga.

Vann langvarig strid med konkurrenten

Rimfrost kjøpte fangsten frå Remøy-dominerte Emerald Fisheries, som fiska krill med krilltrålaren Juvel. Emerald Fisheries gjekk konkurs i 2017.
Juvel vart kjøpt av konkurrenten Aker Biomarine, men strid om retten til produksjonsteknologien ombord gjorde at Aker Biomarine aldri tok den i bruk, og . Rimfrost vann striden om retten til produksjonsteknologien i både tingretten og lagmannsretten, og Høgsterett avviste nyleg Aker Biomarine si anke til Høgsterett.

Verdsett til over 600 millionar

Etter at gjeld er gjort om til aksjar og nye eigarar kom inn, eig SRR Invest i overkant av 91 prosent av aksjane i Rimfrost Holding. Saman med Ronja Capital gjekk også Jacob Hatteland Holding og Farvatn Private Equity inn med nye pengar. Tilsaman eig dei 4,6 prosent, medan Anders Almestads selskap Octavius eig resten.
Emisjonskursen prisar selskapet til 643 millionar kroner.
Dei tre nye eigarane gjekk også inn med eit lån på 155 millionar kroner til Rimfrost Holding.
Innan neste sommar skal lånet gjerast om til aksjar, slik at dei tre medinvestorane etterpå vil eige tilsaman omlag 25 prosent av selskapet.

Publisert: 04.09.2020 15:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59