Roaldsnes kjoeper Genesis
LEVANDEFANGST: "Genesis" skal fiske torsk og leverer til kjøparar som mellomlagrar fisken i merd.
Nytt

Roaldsnes kjøper "Genesis"

Avtalen mellom Nordic Wildfish og Kings Bay Kyst er i boks.

14.02.2018
Dei to fiskebåtreiarlaga diskuterte ein handel alt i fjor haust, men avtalen let vente på seg. I førre veke var avtalen klar og signert, med overtaking av fartyet i mai i år.
Det stadfestar dagleg leiar Tore Roaldsnes.

Tek over kvitfiskkvoten

Nordic Wildfish kjøper fartyet og torskekvoten, medan Kings Bay Kyst beheld dei pelagiske kvotane.
"Genesis" - tidlegare "Artus" - vart kjøpt av Kings Bay Kyst frå fiskebåtreiarlaget Artus i 2016. Salsummen var 250 millionar kroner, skreiv NETT NO i 2016.
Kva som er prisen ved denne handelen vil ikkje Roaldsnes opplyse.

"Genesis" er bygd i 2011, er 49,8 meter lang og 12 meter brei, og har kvote på sild, markell, torsk, hyse og sei.

Levandefangst

Fartyet er bygd for å kombinere fiske etter kvitfisk og pelagisk fisk. Med Nordic Wildfish som eigar blir det berre fiske etter torks og anna kvitfisk for "Genesis".
Farytet er utrusta for å kunne fange fisk som kan oppbevarast levande etter fangsten. Roladsnes seier fisken blir sortert i den den blir pumpa inn i skipet. Den fisken som vil klare seg blir lagra levande ombord, resten blir slakta.
Den levandelagra fisken blir frakta til mottakt med ventemerder ved land, der kjøparen har ansvaret fram til slakting og sal.

Samlar kvotar

Med kjøpet av "Genesis" får Nordic Wildfish flytte kvotar selskapet ikkje har båt til i dag, og samle dei saman med kvotane som alt er knytt til båten, slik at "Genesis" får maksimalt med kvotar.

Publisert: 14.02.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18