Nytt
Roaldsnes kjøper Volstad-trålar
Tore Roaldsnes selskap Bluewild kjøper fabrikktrålaren Volstad frå Eivind Volstad.
06.10.2020
"Når vi først har bestemt oss for å selge båt og kvoter, er det jo gledelig at det ble til en lokal kjøper. Det betyr at både verdiskaping og arbeidsplasser forblir i distriktet", seier Eivind Volstad i ei felles pressemelding frå Volstad sitt selskap Volstad as og Tore Roaldsnes sitt selskap Bluewild as.
"Kjøpet legger grunnlaget for Bluewild sin satsing på å bygge opp et sjømatselskap, fokusert på bærekraftig fiskeri, 100 prosent ressursutnyttelse og ombordproduksjon", seier administrerande direktør Tore Roaldsnes i Bluewild.
Vurderingar i markedet av verdien av strukturkvotene varierer frå i underkant av verdien av gbrunnkvote, til at grunnkvote og strukturkvote blir prisa likt.
Det bety i så fall at kvotene åleine har ein pris på minst ein halv milliard kroner.
Eivind Volstad er ein av dei mest profilerte personane i norsk fiskerinæring, gjennom ein omfattande rettsak mot staten om retten til å endre regelverket i samband med kjøp av kvotar og samling av større kvotar på færre båtar. Volstad meinte regelendringa braut med grunnlovsforbodet mot å endre lova med tilbakevirkande kraft og vann i både tingretten og lagmannsretten. Saka enda i tap hårfint tap i Høgsterett der Staten vann med ei stemmes overvekt.
Før oljeprisfallet i 2014 var det offshoremarknaden som var viktigast for Volstads selskap Volstad as. Då krisa kom selde Volstad seg heilt ut av offshore, og satsa på å behalde fiskebåten. I 2018 var selskapet tilbake i pluss, i 2019 hadde Volstad as 168 millionar kroner i driftsinntekter og 52 millionar kroner i overskot før skatt.
Målet var å drive fiske med minst tre båtar innan fem år, sa Roaldsnes i eit intervju med NETT NO i juli i år.
Når trålaren Volstad blir overtatt neste år har Bluewild tre båtar i fiske.
Driftsdirektør Frank R. Myklebust i Bluewild seier selskapet ønskjer å utvide med meir fiskekvotar etterkvart.
"Kjøpet legger grunnlaget for Bluewild sin satsing på å bygge opp et sjømatselskap, fokusert på bærekraftig fiskeri, 100 prosent ressursutnyttelse og ombordproduksjon", seier administrerande direktør Tore Roaldsnes i Bluewild.
Minst 500 millionar
Ingen av partane vil gå ut med prisen på båt og kvotar, men etter det NETT NO erfarer er ein såkalla grunnkvote prisa til omlag 200 millionar kroner i marknaden. Grunnkvota er evigvarande. Båten har og to såkalla strukturkvotar, som gir kvar gir rett til å fiske like mykje som grunnkvota, men som varer til 2032. Deretter skal kvotene fordelast på alle fartøy av denne typen, som betyr fartøyet i praksis får behalde omlag 75 prosent av dei.Vurderingar i markedet av verdien av strukturkvotene varierer frå i underkant av verdien av gbrunnkvote, til at grunnkvote og strukturkvote blir prisa likt.
Det bety i så fall at kvotene åleine har ein pris på minst ein halv milliard kroner.
Lang prosess
- Det å gå ut av næringa er noko vi har vurdert ei stund, seier Eivind Volstad. Han seier det er fleire årsaker til avgjerda, men vil ikkje gi ytterlegare kommentarar, heller ikkje om pris og når kontakten med Roaldsnes starta.Eivind Volstad er ein av dei mest profilerte personane i norsk fiskerinæring, gjennom ein omfattande rettsak mot staten om retten til å endre regelverket i samband med kjøp av kvotar og samling av større kvotar på færre båtar. Volstad meinte regelendringa braut med grunnlovsforbodet mot å endre lova med tilbakevirkande kraft og vann i både tingretten og lagmannsretten. Saka enda i tap hårfint tap i Høgsterett der Staten vann med ei stemmes overvekt.
Før oljeprisfallet i 2014 var det offshoremarknaden som var viktigast for Volstads selskap Volstad as. Då krisa kom selde Volstad seg heilt ut av offshore, og satsa på å behalde fiskebåten. I 2018 var selskapet tilbake i pluss, i 2019 hadde Volstad as 168 millionar kroner i driftsinntekter og 52 millionar kroner i overskot før skatt.
Ny satsing
Etter at fiskeriselskapet Nordic Wildfish blei splitta i 2019, etter strid mellom eigarane, satsa Tore Roaldsnes på å bygge opp sitt selskap, Bluewild as.Målet var å drive fiske med minst tre båtar innan fem år, sa Roaldsnes i eit intervju med NETT NO i juli i år.
Når trålaren Volstad blir overtatt neste år har Bluewild tre båtar i fiske.
Driftsdirektør Frank R. Myklebust i Bluewild seier selskapet ønskjer å utvide med meir fiskekvotar etterkvart.
Publisert: 06.10.2020 20:40
Sist oppdatert: 17.02.2022 11:21