Rolls Royce kan returnere til Gullblokka
RETUR?: Moglege kjøparar av Rolls-Royce sitt kontorbygg i Ulsteinvik kan få Rolls-Royce som leigetakar.
Nytt

Rolls-Royce kan returnere til Gullblokka

Rolls-Royce vurderer å flytte tilbake til "Gullblokka" i Ulsteinvik når eigedomen er seld.

08.04.2016
Opphavleg planla Rolls-Royce å selje kontorbygget i i Ulsteinvik og finne seg nye kontorlokale til sine tilsette på Hareidlandet. "Gullblokka" var utdatert, og selskapet ville heller leige enn å eige.
Bygget vart opphavleg bygd for administrasjonen i Ulstein-konsernet, og vart overteke av Rolls-Royce då det britiske selskapet kjøpet Ulsteinkonsernet i 1999.

Arbeidsstokken i "Gullblokka" har allereie flytta ut, og inn i mellombelse lokale hos Rolls-Royce i Hjørungavåg (tidlegare Odim). Der er produksjonen av seismikkutstyr i ferd med å avsluttast, og tilsette er flytta til andre avdelingar på Sunnmøre.

Men med dei tilsette frå "Gullblokka" er kontorfløya i Hjørungavåg fullare enn nokon gong. I dag er det rundt 250 tilsette som har arbeidsplassen sin der, og dei treng etterkvart nye lokale. Leigeavtalen for bygget går ut i 2019.

Kan bli retur

Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce Marine stadfestar at ein retur til "Gullblokka" er eit tema som har dukka opp og blir diskuterte med moglege kjøparar av bygget.
- Det er ei moglegheit som både vi og kjøparar er interessert i, seier ho.
Skulle Rolls-Royce Marine ende opp med å bli leigetakar i bygget er det to alternativ som er aktuelle. Dagens bygge kan bli pussa opp før Rolls-Royce vender tilbake, eller bygget blir rive og Rolls-Royce Marine flyttar inn i eit nytt bygg på same tomta.

150 misser jobben

Rolls-Royce varsla tidlegare i år at det skal bli 400 færre tilsette i marine-divisjonen i løpet av året.
I går vart dei tilsette i Rolls-Royce Marine i Noreg, som har storparten av sine tilsette på Sunnmøre, orientert om at rundt 150 av dei 400 stillingane som skal bort er i Noreg.

Bonnvie Wollebæk seier det er for tidleg å seie kven som blir råka, men at meldinga frå Rolls-Royce er at det først og fremst gjeld leiarar, mellomleiarar og administrasjon.

Publisert: 08.04.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:55