Rolls Royce leverer til Skandi Neptune
KONTRAKT: Rolls-Royce skal levere to LARS-ar (launch and recovery system) til Skandi Neptune.
Nytt

Rolls-Royce leverer til Skandi Neptune

Rolls-Royce har signert ein kontrakt med DOF Subsea på sitt sal nummer 100 og 101 av Launch and Recovery System (LARS).

26.01.2016
Dei to systema skal installerast om bord i multikonstruksjons-fartøyet Skandi Neptune.
Det opplyser Rolls-Royce i ei pressemelding tysdag.
LARS er automatiserte handteringssystemer for fjernstyrte undervannsfartøy (ROV).

3000 meter djupne

Rolls-Royce opplyser at systema som er bestilte kan handtere ROV-ar ned til drøye 3000 meter djupne.
Systemet kompenserer for store bevegelsar i dårleg ver, og kan automatisk setje ut og hente opp eit ROV-fartøy til ei gitt djupne med gitt fart.
– DOF Subsea har no 31 LARS-system frå Rolls-Royce i drift som handterar ei rekkje ROV-ar trygt, presist og påliteleg under ulike forhold verda over, seier Ingve Osberg, Asset Manager i DOF Subsea, i pressemeldinga.
Rolls-Royce opplyser at selskapet sine LARS-system også i bruk av Farstad, Olympic, REM, Havila, k-Line, Eidesvik, GC Rieber, Allseas, COOEC og TechDOF.

Publisert: 26.01.2016 19:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52