Joar Saether Tomas Hagen Kristoffer Buvik Hopmark foto marius
PÅ KONFERANSE: It-studentane Joar Sæther (f.v.), Kristoffer Buvik Hopmark og Tomas Hagen som Nett No traff på fjorårets INIT-konferanse såg positivt på etableringa av masterutdanning i byen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ser lyst ut for vidare it-utdanning i Molde

Høgskolen oppmuntra etter master-oppstart.

Marius Rosbach
11.02.2026

Masterutdanning i it var eit sakn i fleire år ved Høgskolen i Molde. Gleda var difor stor då det i fjor blei klart at tilbodet kom på plass att

Eit stykke ut i andre semester er erfaringane med den nye masterutdanninga gode. 

Studieleiar Steinar Westlie Kristoffersen opplyser at dei har 11 aktive studentar ved den nettbaserte utdanninga.

– Vi har fått nokre spørsmål frå kandidatar som vil søke på studie til neste år, så vi er optimistiske til at vi kan vidareføre tilbodet neste år, seier Kristoffersen til Nett No.

Oppmuntrande tal for førsteårsstudentar
Høgskolen har også kring 75 aktive studentar på førsteåret innan it- og programeringsfag. 

– Fordi arbeidsmarknaden har blitt tøffare, var vi redd for at færre studentar ville halde fram i dette semesteret. Men tala vi ser til no er veldig oppmuntrande, og vi håpar at dette er studentar som skal vere med vidare, legg Kristoffersen til. 

Han fortel at dei ikkje har vore veldig aktive med å marknadsføre masterutdanninga, før dei er trygge på at den har funne si form. 

– Vi har lufta ulike idear i kollegiet og spurt oss kva som er mest relevant for studentane våre, seier han og legg til at det vil bli lagt ein vidare plan i løpet av våren. 

2048px Hogskolen i Molde 14035640645 1
VIL BLI UNIVERSITET: Høgskolen i Molde har planar om å sende inn søknad om å få universitetsstatus i løpet av året. Spørsmålet skal gjennom ein prosess og eit svar kan kome i løpet av 2027. Foto.: Høgskolen i Molde

– Meir tilgang til fagfolk enn før
Leiar Britt Flo i næringsforumet høyrer frå it-bedrifter i Molde at det er mindre utfordrande å få tak på it-folk enn tidlegare. Eit breiare utdanningstilbod bidreg truleg positivt. 

Ho påpeiker at betre rekrutteringsgrunnlag for bedrifter i regionen, var ei av årsakene til at det blei kjempa for gjenopprette masterutdanninga. 

– Det er med å gi bedrifter her meir tilgang til fagfolk enn før. Ved å vere tett på utdanningsinstitusjonen her i byen, gir det også moglegheit til å knytte tidleg kontakt med studentane, seier Flo.

Møteplass for bransjen og studentar
Torsdag går den årlege INIT-konferansen av stabelen i Molde. Her samlast store delar av it-miljøet i regionen – saman med studentar og skuleelevar.

Prosjektleiar Erik Nilsplass fortel at dei samarbeidar både med Høgskolen og it-linja ved Romsdal videregående skole.

– Det er veldig kjekt å kunne vise frem hvor mange bedrifter og hvor mye kult man kan få jobbe med dersom man vil bli boende her i regionen, fortel han.

Molde Næringsforum er arrangør av konferansen der både nasjonale foredragshaldarar og lokale bedrifter deltek.  

Sjekk program her (ekstern lenke) 

Publisert: 11.02.2026 11:47

Sist oppdatert: 11.02.2026 11:47

Mer om