Stadt Naval er sikra oppdraget med å levere eit komplett dieselelektrisk energi- og framdriftssystem til den polske marinen sitt nye ubåtredningsfartøy «Ratownik». Det opplyser Gjerdsvika-selskapet i ei pressemelding.
Det 96 meter lange skipet skal byggast ved PGZ Stocznia Wojenna-verftet og leveransen frå Stadt skal skje i løpet av året. Det opplyser dagleg leiar Hallvard L. Slettevoll til Nett No.
Verdien på avtalen blir ikkje opplyst av konkurranseårsaker, legg han til. PGZ er den største forsvarsverksemda i Polen og omfattar meir enn 50 selskap

Utvikla for støyfrie operasjonar
Leveransen dreiar seg om selskapet sitt Lean Propulsion-system med ein effekt på 11 MWE og ei hovudtavle på 690 volt. Fartøyet vil ha fem propellar som er drivne av Stadt AC-induksjonsmotorar, ifølgje meldinga.
Løysinga er utvikla for å levere støyfri propelloperasjon, noko som er eit kritisk krav for ubåtredningsoperasjonar og andre akustisk sensitive marineoppdrag, heiter det vidare.
Fartøyet skal mellom anna gjennomføre ubåtredningsoppdrag, avanserte dykkeoperasjonar og vern av havbotninfrastruktur i Østersjøen.
Fjerde utstyrsleveranse til polsk marine
Dette blir det fjerde fartøyet i den polske marinen som Stadt leverer utstyr til
– Prosjektet bidreg òg til vidare vekst og nye arbeidsplassar i Gjerdsvika, og markerer starten på eit langsiktig samarbeid mellom Stadt Group, PGZ og Polen, uttalar Slettevoll i meldinga.
Fartøyet blir også det 18. DP-klassifiserte skipet som er utstyrt med Lean Propulsion-teknologien.
Publisert: 11.02.2026 13:46
Sist oppdatert: 11.02.2026 14:28






