Forskings- og miljøsenteret har tilbydd forskarar ein base for forsking retta mot miljøovervaking og marine og maritime næringar sidan 2004.
Underskot over fleire år, og spesielt i 2012 (sjå resultattabell) har tæra på eigenkapitalen, og ved utgangen av 2013 var eigenkapitalen tapt og på minus 356.067 kroner.
"Denne omorganiseringa er ikkje ferdig, men det er gjennomført betydleg nedbemanning og dermed reduksjon i lønskostnader", skriv styret i årsmeldinga for 2013. Årsmeldinga er datert 2. juni i år.
Selskapet skal og auke inntektene. Det skal mellom anna skje ved eit prosjekt som skal skaffe større inntekter frå formidling og utstillingar.
Refinansiering av Runde Miljøbygg, som eig bygget, gjer at husleiga for Runde Miljøsenter er redusert med 60.000 kroner i månaden.
Grunnleggar og drivkraft for etableringa, dagleg leiar Nils Roar Hareide, eig 14,8 prosent. Det same gjer Greta Garnes, medan Lars Golmen - som og arbeider ved senteret - eig 29,6 prosent.
- No er det berre å sjå framover, seier han.
Det store målet er at løyvingar til Runde Miljøsenter og forskinga der skal bli en post på statsbudsjettet.
Eitt argument for å få statleg finansiering er forskingsformidlingsarbeidet gjennom den store utstillinga "Kaldt hav - Hete spørsmål" (sjå relaterte saker), som opnar på Naturhistorisk museum i Oslo i dag, onsdag 27. august.
Utstillinga vart først vist i Herøy i januar og februar, og skal på en stor turne før den til slutt endar permanet på Runde.
Underskot over fleire år, og spesielt i 2012 (sjå resultattabell) har tæra på eigenkapitalen, og ved utgangen av 2013 var eigenkapitalen tapt og på minus 356.067 kroner.
Skil ut kafé
Styret har vedtatt å skilje ut både kafédrift, kurs- og konferanseavdelinga og la det drivast av eit anna selskap."Denne omorganiseringa er ikkje ferdig, men det er gjennomført betydleg nedbemanning og dermed reduksjon i lønskostnader", skriv styret i årsmeldinga for 2013. Årsmeldinga er datert 2. juni i år.
Selskapet skal og auke inntektene. Det skal mellom anna skje ved eit prosjekt som skal skaffe større inntekter frå formidling og utstillingar.
Refinansiering av Runde Miljøbygg, som eig bygget, gjer at husleiga for Runde Miljøsenter er redusert med 60.000 kroner i månaden.
Fylket stor eigar
Møre og Romsdal Fylkeskommune er største eigar i Runde Miljøsenter, med 40 prosent av aksjane.Grunnleggar og drivkraft for etableringa, dagleg leiar Nils Roar Hareide, eig 14,8 prosent. Det same gjer Greta Garnes, medan Lars Golmen - som og arbeider ved senteret - eig 29,6 prosent.
Trur på pluss
Utviklinga så langt i år gjer at Hareide reknar med å nå eit plussresultat i år.- No er det berre å sjå framover, seier han.
Det store målet er at løyvingar til Runde Miljøsenter og forskinga der skal bli en post på statsbudsjettet.
Eitt argument for å få statleg finansiering er forskingsformidlingsarbeidet gjennom den store utstillinga "Kaldt hav - Hete spørsmål" (sjå relaterte saker), som opnar på Naturhistorisk museum i Oslo i dag, onsdag 27. august.
Utstillinga vart først vist i Herøy i januar og februar, og skal på en stor turne før den til slutt endar permanet på Runde.
Publisert: 27.08.2014 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36