Roekke vil bu to maanader i aaret paa Rev Ocean
BYGGER KJEMPESKIP: Tidlegare har Kjell Inge Røkke fortalde at han planlegg å bu i lengre periodar om bord på det kombinerte forskingsskipet og yachten Rev Ocean er under bygging hos Vard. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Røkke har flytta til Sveits

Ap tek til orde for å sjå på skattesystemet, medan SV vil ha omgåande skatteplikt etter utflagginga til moldenersen.

12.09.2022

(-NTB-Steinar Schjetne): Kjell Inge Røkke har flytta til Sveits, etter det Aker-eigaren kallar «eit krevjande val». Avgjerda om å forlate Noreg vekkjer til dels kraftige reaksjonar.

– Eit krevjande val er teke. Eg har flytta frå Asker til Lugano i Sveits. Kapitalen min skal framleis arbeide i Noreg. Familieselskapet TRG og børsnoterte Aker held fram som før med norsk forankring for kunnskapsdriven industriutvikling med verda som marknad, skriv Kjell Inge Røkke i brevet som Dagens Næringsliv omtalte først.

Gir huset i gåve til ekskona
Brevet er til «medaksjonærar og medarbeidarar» og er publisert på nettstaden til Aker. Han flyttar sjølv til Sør-Sveits, medan bustaden på Konglungen i Asker gir han i gåve til ekskona, som skal bu i huset saman med det tidlegare parets to barn.

– Eg har ingenting å klage over, og vil halde fram med å ta omsyn til realitetar og ta avgjerder basert på desse. Eg flytta til USA som 21-åring, der eg budde i 21 år og deretter nye 21 år i Noreg. Som 63-åring har eg flytta til Sveits. Eg har valt Lugano som den nye bustaden min – det er verken billigast eller har dei lågaste skattane, men det er til gjengjeld ein flott stad med ei sentral plassering i Europa, skriv han.

Sjølv om Røkke sjølv ikkje oppgir ønske om å betale mindre skatt som grunnen til at han flyttar, vil han spare kunne rundt 360 millionar kroner årleg i formuesskatt på å gjere det, ifølgje Finansavisens berekningar.

Tillitsvalt ikkje begeistra
Konserntillitsvald Atle Tranøy i Aker var informert på førehand om at Røkke ville flytte til Sveits og seier til E24 at han «på ingen måte» er begeistra:

– Men at dette vil ha direkte innverknad på selskapa, det treng det ikkje å ha. Han oppgir jo også det motsette, at dette vil betre grunnlaget hans for å satse vidare i selskapa, seier Tranøy.

Arbeidarpartiet tek til orde for å sjå på skattesystemet. Hadia Tajik poengterer at aksjegevinstar kan realiserast skattefritt etter fem års opphald i utlandet og meiner utflagginga på ny aktualiserer debatten rundt denne problemstillinga.

Vil innføre skatteplikt
Nestleiar i SV Torgeir Knag Fylkesnes SV vil innføre omgåande skatteplikt ved utflytting

– Utan ein sånn skatt kan ein flytte til Sveits og ta med seg store urealiserte verdiar, og etter fem år ta det ut der. Det er verdiar som er skapte av norsk arbeidskraft og norske ressursar. Verdiar skapt i Noreg skal skattleggjast i Noreg, seier han til E24.

Vil vere langsiktig eigar
Røkke understrekar at han framleis vil vere «langsiktig – men utolmodig – hovudeigar og styreleiar» i Aker.

Han gjekk i 2001 sigrande ut av ein intens og innbiten kamp mot russiske Yukos Oil om kontrollen over den konkurstrua industrigiganten Kværner. Sidan den gong har milliardæren som slo seg opp som fiskar på den amerikanske vestkysten, bygd seg opp som industriherre og kjempa for å bli teken på alvor som ein hovudsakleg langsiktig og ikkje finansiell eigar.

Likningsformue på knappe 20 milliardar
Av brevet til aksjonærar og medarbeidarar, verkar det som om flyttinga til Sveits dreier seg om heilt andre ting enn norske og sveitsiske skatteforhold. Kjell Inge Røkke har ein likningsformue på 19,6 milliardar kroner. I 2020 betalte han 175 millionar kroner i skatt. Sidan 2008 har Røkke betalt 1,5 milliardar kroner i skatt, ifølgje DN.

I fjor haust anslo Kapital at Røkke hadde ein reell formue på 36,6 milliardar kroner, noko som gjorde han til Noregs åttande rikaste. No blir dei reelle verdiane anslått til rundt 45 milliardar kroner.

– Eg vil bruke meir av tida og ressursane mine på filantropiske aktivitetar, skriv Røkke.

Publisert: 12.09.2022 14:51

Sist oppdatert: 12.09.2022 15:03

Mer om