Det er Kjell Inge Røkkes Aker, John Fredriksen investeringselskap Hemen Holding Ltd, långivarar til Farstad Shipping og eit datterselskap av Ocean Yield ASA saman med Farstad Shipping har forhandla fram ein avtale som refinansierer selskapet.
Etter refinansieringa er det Aker- og Fredriksen-systemet som er dei største eigarane.
Del to i planen er å samle Farstad Shipping, Solstad Offshore og Deep Sea Supply i eitt selskap. Aker er stor aksjonær i Solstad Offshore, Fredriksens selskap er stor aksjonær i Deep Sea Supply.
- Vi er glade for denne sjansen til å arbeide tett saman med Fredriksengruppa og andre interessentar for å nå vårt mål om å skape eit verdsleiande offshorereiarlag, seier konsernsjef Øyvind Eriksen i Aker i børsmeldinga.
Refinansiering av Farstad Shipping skal gjennomførast før ein går laus på del to - å samle dei tre selskapa til eitt. Målet er å vere ferdig med alle formalitetane i løpet av 2017.
Aker-systemet kan ende opp med 22-18 prosent, Fredriksen-systemet med 16 prosent og Farstadfamiliens Tyrholm & Farstad - dagens majoritetseigar - med under tre prosent.
Refinansieringa inneheld både omgjering av gjeld til eigenkapital og 650 millionar kroner i ny eigenkapital.
I det nye selskapet, der alle tre reiarlaga er samla, vil Aker-systemet sitte med 24,9-22,8 prosent eigarandel, Fredriksen-systemet med 17,9-15,8 prosent eigarandel og Farstadfamilien med rundt 1,5 prosent.
Etter refinansieringa er det Aker- og Fredriksen-systemet som er dei største eigarane.
Del to i planen er å samle Farstad Shipping, Solstad Offshore og Deep Sea Supply i eitt selskap. Aker er stor aksjonær i Solstad Offshore, Fredriksens selskap er stor aksjonær i Deep Sea Supply.
Fjerde største
Ei samling av dei tre reiarlaga vil skape verdast fjerde største offshore-reiarlag, med 154 skip. Flåten består av 33 konstruksjonskip, 66 plattformforsyningsskip og 55 ankerhandteringsfarty.- Vi er glade for denne sjansen til å arbeide tett saman med Fredriksengruppa og andre interessentar for å nå vårt mål om å skape eit verdsleiande offshorereiarlag, seier konsernsjef Øyvind Eriksen i Aker i børsmeldinga.
Refinansiering av Farstad Shipping skal gjennomførast før ein går laus på del to - å samle dei tre selskapa til eitt. Målet er å vere ferdig med alle formalitetane i løpet av 2017.
Blir småaksjonær
Nøyaktig korleis aksjefordelinga blir i eit refinansiert Farstad Shipping er ikkje klart, fordi det er ulike alternativt for kor mykje eignekapital partane går inn med.Aker-systemet kan ende opp med 22-18 prosent, Fredriksen-systemet med 16 prosent og Farstadfamiliens Tyrholm & Farstad - dagens majoritetseigar - med under tre prosent.
Refinansieringa inneheld både omgjering av gjeld til eigenkapital og 650 millionar kroner i ny eigenkapital.
I det nye selskapet, der alle tre reiarlaga er samla, vil Aker-systemet sitte med 24,9-22,8 prosent eigarandel, Fredriksen-systemet med 17,9-15,8 prosent eigarandel og Farstadfamilien med rundt 1,5 prosent.
Publisert: 06.02.2017 10:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05






