Hofseth Biocare Jon olav Ødegård produksjon foto ogne HBC 11
NY REKORD: Jon Olav Ødegård gjorde comeback som Hofseth Biocare-sjef i fjor. 2022 enda med rekordhøge inntekter, etter at salet skaut fart siste halvår. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Salet tek av – framleis stort underskot

Første større Kina-ordre til Hofseth Biocare er med å løfte inntektene til nye høgder.

Marius Rosbach
10.02.2023

Hofseth Biocare leverer fredag eit rekneskap for 2022 som viser at salet held fram på eit høgare nivå i 4. kvartal.

Lønnsemda er betra, men underskotet er framleis stort, viser rapporten som blei sendt ut med børsmeldinga.

Hofseth Biocare foredlar avskjer og restråstoff frå laks til ingrediensar til helsekost og kjæledyrfôr. Dei utviklar óg produkt som kan bli legemiddel.

Rekordhøge inntekter
Råvaremangel var ein flaskehals for Hofseth Biocare i starten av 2022, men frå sommaren betra det seg. Volumet på ferdige produkt i 4. kvartal var rekordhøgt, opplyser selskapet.

Omsetninga i siste halvår av 2022, auka med 103 prosent samanlikna med same periode året før. Det gjorde at inntektene for fjoråret samla enda på rekordhøge 120 millionar kroner (sjå tabell under).

Selskapet har aldri tidlegare omsett for like mykje. Det næraste var i 2017 med 99 millionar kroner.

Første større ordre frå Kina på «ProGo»-produkt er mellom avtalene som drog opp inntektene mot slutten av året. Ordreinngangen held fram med å auke.

Større underskot
I løpet av siste halvår, er kostnadene kutta og innteninga betra på alle produkt, ifølgje selskapet.

Likevel held Hofseth Biocare fram med å tape pengar. Underskotet for 2022 enda på 137 millionar.

Sjølv om underskotet relativt sett er mindre no, må ein tilbake til 2016, for å finne sist underskotet var like stort.

Hofseth Biocare ASA
Per 4 . kvartal. i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
120,5
87,7
Driftsresultat
-98,2
-89,2
Resultat før skatt
-137,1
-126,6



Hofseth Biocare ASA


4. kvartal. I mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
33,6
26
Driftsresultat
-35,3
-34
Resultat før skatt
-38
-37

Publisert: 10.02.2023 08:31

Sist oppdatert: 10.02.2023 12:03

Mer om