Landsstyret i Norges Fiskarlag møtes i morgon for å vurdere ulike løysingar.
Organisasjonen har tre underorganisasjonar; Fiskebåt, Sør-Norges Fiskarlag og Nord Fiskarlag.
Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten og har lenge vore misnøgd med maktfordelinga i Norges Fiskarlag. Fiskebåt sitt krav er mellom anna at dei tre underorganisasasjonane skal vere likt representert i dei styrande organa i Norges Fiskarlag. I dag har Nord Fiskarlag flest representantar og kan dermed blokkere framlegg til vedtak som krev to tredjedels fleirtal.
Tilrår utmelding
Den makta vil Nord Fiskerlag ikkje gi frå seg, vedtok Nord Fiskarlag tidlegare i haust.
Reaksjonen frå Fiskebåt var eit styrevedtak som tilrår at årsmøtet til Fiskebåt i februar vedtek utmelding av Norges Fiskarlag.
I førre veke sende Sør-Norges Fiskarlag eit brev til Norges Fiskarlag og gjorde det klart at det er uaktuelt for Sør-Norges Fiskarlag å bli verande i Norges Fiskarlag saman med Nord Fiskarlag, dersom Fiskebåt går ut. Sør-Norges Fiskarlag meiner og laget har rett til å drive Norges Fiskarlag vidare, saman med Fiskebåt og medlemer i Nord Fiskarlag som ønskjer å vere med.
Ny dynamikk
Brevet frå Sør-Norges Fiskarlag skapte litt ny dynamikk i ein strid som såg fastlåst ut.
Styreleiar Roger Hansen i Nord Fiskarlag har ikkje svart på Nett No sitt spørsmål om ein kommentar til brevet frå Sør-Norges Fiskarlag, men Nord Fiskarlag har sendt ut eit ope brev som svar på brevet frå Sør-Norges Fiskarlag.
Der blir Fiskebåt og Sør-Norges Fiskarlag bedt om å kome attende til forhandlingsbordet, samstundes som det blir understreka att å gi frå seg representasjon i Norges Fiskarlag er eit vinn- eller forsvinn for Nord Fiskarlag.
Publisert: 20.11.2024 14:27
Sist oppdatert: 20.11.2024 14:37