Roger halsebakk foto
FLEIRE NYE BÅTAR: Når Roger Halsebakk og Sølvtrans er ferdig med nybyggingsprogrammet til reiarlaget, vil den samla flåten utgjere kring 55 båtar.
Nytt

Samlar Sølvtrans og Dess-båtane

Etter ny refinansiering blir dei to reiarlaga samla - og alle nye båtar skal framleis byggjast ved norske verft, stadfestar Roger Halsebakk.

Marius Rosbach
20.08.2021

Denne veka kom svaret på spørsmålet Sølvtrans-sjef Roger Halsebakk unngjekk i desember i fjor. Etter at eigarane av brønnbåtreiarlaget kjøpte Grimstad-baserte Dess Aquaculture, har ei endring i strukturen ligge i korta.

– Då Dess blei kjøpt i fjor var det lite gjeld i selskapet og mest eigenkapital. No har vi gjort ei refinansiering av heile flåten, inkludert Dess-båtane. Då er det naturleg at det blir samla i eit eigarskap, fortel Halsebakk til NETT NO.

Det var Grimstad Adressetidende som først omtalte planane om ei samanslåing.

Investeringsfondet Antin og Halsebakk sit investeringsselskap Ronja Capital var saman om oppkjøpet frå John Fredriksen-selskapet Hemen Holding, og eigardelen blir den same som før, fortel Halsebakk til NETT NO.

Vil ha 55 båtar i flåten om få år
Dess har 12 båtar i drift og to under bygging ved Sefine-verftet i Tyrkia. Halsebakk svarar slik på det samla reiarlaget skal halde på filosofien til Sølvtrans om å bygge i Norge – og helst lokalt.

– Ja, vi køyrer sånn som vi har lagt ein plan om å gjere. Den kontraheringa som skjer vil ikkje vere i regi av Dess – men av Sølvtrans, seier han.

Med totalt 35 skip i flåten vil Sølvtrans ta posisjonen som verdas største brønnbåtreiarlag. Når reiarlaget er ferdig med nybyggingsprogrammet på 20 nye båtar – vil flåten totalt være på om lag 55 båtar.

Ingen endring i Grimstad
Halsebakk fortel at det ikkje er planar om endringar elles - å til dømes flytte stillingar frå Grimstad til hovudkontoret i Ålesund.

– Grimstad-kontoret er og blir eit driftsselskap for dei same båtane og vil jobbe tett saman med administrasjonen i Ålesund, slik at vi får dei beste løysingane og svara på alt, fortel han.

Vekst ved Ålesund-kontoret
I dag er det kring 15 Dess-tilsette i Agder-byen, medan Ålesund-kontoret nærmar seg 30 tilsette.

– Vi er 26-27 personar i Ålesund no, og her veks vi i takt med byggjeprogrammet. Vi har tilsett folk her for å ta veksten som vi får som følgje av dei nye båtane, fortel Halsebakk.

Reiarlaget har bygd båtar for fleire milliardar dei siste åra, og har fleire på gong. Seinast førre veke, fekk NETT NO ei omvising om bord på Ronja Vest som blir levert neste månad.roger halsebakk

Publisert: 20.08.2021 15:47

Sist oppdatert: 26.10.2021 13:03

Mer om