Halsebakk med generasjonskifte
FEKK UTBYTE: Roger Halsebakk og borna Anja Mek Halsebakk og Robin Mek Halsebakk kan fordele eit pent utbyte frå Ronja Capital etter fjoråret. Foto: Kjetil Haanes/Ogne Øyehaug/Marius Rosbach
Nytt

Satsar brønnbåtmilliardar lokalt

Roger Halsebakk og borna har investert i eit trettitals selskap, mange av dei lokale.

09.08.2021

Gjennom investeringsselskapa Ronja Capital og Ronja Capital II held Sølvtrans-gründer Roger Halsebakk og borna Anja Mek Halsebakk og Robin Mek Halsebakk fram med å investere i nye selskap, mange av dei lokale.

No er årsrekneskapa for 2020 klare, som viser at Halsebakk-familien sit på ein samla eigenkapital på vel 1,8 milliardar kroner gjennom morselskapet Ronja Capital, eit selskap som i fjor gjekk med nesten 100 millionar kroner i pluss.

Eigenkapitalen stammar i stor grad frå midlar Halsebakk har fått etter nedsal i Sølvtrans.

(saka held fram etter tabellen)

Ronja Capital
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 0,9 0,6
Driftsresultat -10,6 -2,8
Resultat før skatt 98,9 9,7

Utbyte
Roger Halsebakk sit på 52,0 prosent av aksjane i investeringsselskapa, medan borna sit kvar på 23,9 prosent.

No kan dei fordele eit utbyte på 23,3 millionar kroner etter fjoråret frå Ronja Capital.

Av selskap som ein har investert i er børsnoterte oppdrettsselskapet Salmon Evolution, der Ronja Capital II er største aksjonær med 8,81 prosent av aksjane.

Offshore og turisme
Familien eig blant anna 50 prosent av Starck Holding, 49 prosent av offshoreselskapet Sverre Farstad & co, 25,5 prosent av Nortwestcoast, 25 prosent av Ocean Cleaner, 20 prosent av hytteutbyggaren Blådalslia på Stranda og er inne i fleire av Pir Invest-selskapa.

Halsebakk-familien har også satsa stort på turisme, og eig blant anna 30,1 prosent av selskapet Cruise Service.

(saka held fram under)

Griff aviation drone montasje leif johan holand jan emblemsvåg 11
TRUR PÅ DRONESELSKAP: Ronja Capital har både eigarposisjon og styremedlem i Griff Aviation, der Leif Johan Holand (nede) er dagleg leiar og Jan Emblemsvåg (oppe) er styreleiar. Foto: Griff Aviation/skjermdump

Dronesatsing
Seinast vår kjøpte Halsebakk-selskapet seg opp i Griff Aviation i Sykkylven. Droneselskapet planlegg å utvide fabrikken i Sykkylven og tilsette fleire folk.

Investeringsdirektør Tore Tønseth i Ronja Capital uttalde då at dei hadde stor tru på selskapet, og Tønseth har også plass i styret.

Stig Remøys krillsatsing Rimfrost og Pir-bygget i Ålesund er berre nokre eksempel på andre investeringar siste året.

(saka held fram under)

Det handlar om aa bygge ei oey
SANDSØYA: Anja Halsebakk skal leie satsinga på «nye» Rosenlund på Sandsøya. Her frå byggearbeidet i fjor. Foto: Marius Rosbach/privat

Storsating på Sandsøya
I tillegg har familieselskapet dei heileigde dotterselskapa Ronja Eiendom og Rosenlund Hamn.

Rosenlund Hamn er ein del av ei storsatsing på reiseliv og turisme på Sandsøya i Sande, der Halsebakk opphavleg kjem frå. I fjor gjekk dette selskapet 2,0 millionar kroner i minus, men har fått tilført nye midlar for å halde fram satsinga.

Av årsmeldinga går det fram at selskapet fekk vel 22.000 kroner i koronatilskot i mars og april i fjor i koronakompensasjon på grunn av inntekstap.

Publisert: 09.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 09.08.2021 08:27

Mer om