Inge Jonny Hide Torbjørn Røe Isaksen myklebust verft foto marius 11
SLIT MED FINANSIERING: Inge-Jonny Hide (t.h.) driv Myklebust Verft med overskot, men å stille kapitalen som trengst for å bygge nye skip, er utfordrande. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Myklebust sa nyleg nei til nybygg

Arbeidsministeren vil gjerne bidra til fleire fagarbeidararar, men kunne ikkje hjelpe verftssjefen med betre finansiering.

Marius Rosbach
14.08.2021

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen besøkte fredag Myklebust Verft i Sande.

Der fekk han vite at verftet nyleg har sagt nei til å bygge eit nytt skip til 500-600 millionar på grunn av «kapasiteten i pengekassa», ifølgje verftssjef Inge-Jonny Hide.

Det er eit tydeleg politisk vedtak, men vi har ikkje fått det ut i praksis enno
Inge-Jonny Hide

Hide etterlyste at ei betre finansieringsordning for verfta skulle komme på plass, slik Stortinget vedtok før jul i fjor.

- Det er eit tydeleg politisk vedtak, men vi har ikkje fått det ut i praksis enno, påpeika han.

Myklebust har også takka nei til to oppdrag i fjor, ifølgje Hide.

- Må tilgi næringsdepartementet
Arbeidsministeren kunne ikkje hjelpe Myklebust-sjefen på det punktet.

- Eg synes ein må tilgi at næringsdepartementet i dette koronahalvåret, ikkje har kome eit steg lengre, sa Røe Isaksen til NETT NO.

Verftssjefen - som tidlegare i sommar melde om plussresultat trass koronautfordringar - har tidlegare fortald NETT NO om utfordringane verfta har med å finansiere nybygg.

Myklebust verft røe isaksen ronja vest foto marius 11
BRØNNBÅT: Myklebust Verft har fleire brønnbåtar til Sølvtrans i ordreboka. Ronja Vest blir levert neste månad. Foto: Marius Rosbach

Balanse mellom reparasjon og nybygg
Bakgrunnen for besøket til Høgre-statsråden var eit ønske om å høyre meir om korleis verftet løyser utfordringane med svingingar i behovet for arbeidskraft og tilgang på tilsette med fagutdanning.

Inge-Jonny Hide fortalde arbeidsministeren om utfordringane med å balansere reparasjonsverksemd og bygge nye skip. Per i dag har Myklebust 30-40 prosent av omsetninga frå nybygg.

Sande-verftet har folk med ulike bakgrunnar i arbeid frå lokalsamfunnet og utlandet. I dag har dei 154 tilsette.

I tillegg er kring 500 personar i arbeid i Tyrkia for å bygge skroga som kjem til verftet. Myklebust-sjefen fekk spørsmål om moglegheitene til å flytte skrogbygginga til Norge.

- Det hadde vi aldri klart å få på plass her i lokalmiljøet, var Hide sitt spontane svar - og viste til mangelen på fagfolk.

I dag har Myklebust fire skip under arbeid -- to nye brønnbåtar for Sølvtrans, i tillegg til oppdrag med Sanco Star og kystvaktskipet KV Sortland.

Ein ny brønnbåt til Sølvtrans er venta før årsskiftet og verftet har nyleg sikra seg arbeid med ombygging av minst eitt Hurtigrute-skip.

Myklebust verft røe isaksen foto marius 22 jpg
TRENG FAGUTDANNA: Høgre-statsråden møtte fleire av dei unge verftstilsette og ville vite korleis fleire kunne velje som dei. Foto: Marius Rosbach

- Må få fleire til å velje fagbrev
Torbjørn Røe Isaksen fekk møte fleire av dei mange unge verftsarbeidarane som hadde teke fagbrev, og spurde om korleis han kunne legge til rette for at fleire valde sameleis som dei.

Å satse på norsk arbeidskraft var mellom råda han fekk.

- Vi må få fleire til å velje fagbrev. Det går i rett retning, og dei siste to åra er det første gong på kjempelenge at fleire har valt yrkesfag enn studieførebuande, påpeiker Røe Isaksen.

Han meiner samtidig regjeringa har levert på ein rekke punkt for den maritime industrien, mellom anna med å løfte lærlingordninga gjennom fleire tiltak.

- Det har også vore ei haldning om at det «finaste» er å velje studieførebuande. Det er noko tull, seier Røe Isaksen og påpeiker at det no er stort behov for fagarbeidarar.

Teknologi og samferdsel
Arbeidsministeren påpeiker til NETT NO at den maritime og marine klynga treng stabile rammevilkår, saman med forsking og offentlege prosjekt for å utvikle ny teknologi.

- I løpet av dei åtte åra vi har vore i regjering har det kome ei rekke finansieringsordningar som gjeld alt frå forsking til grøn skipsfart. Og vi er ikkje ferdige enno, lovar han.

Eit tredje poeng Røe Isaksen legg til, er at regjeringa har satsa meir på samferdsel, som gir fordelar for industrien langs kysten.

Publisert: 14.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 09.09.2021 16:11

Mer om