Sanco innfelt even matre ellingsen foto 11
STYRELEIAR: Even Matre Ellingsen er no styreleiar i Sanco Holding-selskapet i Sande, som Ivar Slettvoll starta opp på 1990-talet. Foto: Kjetil Haanes/Astrup Fearnley
Nytt

Gjekk frå minus til tidenes beste resultat

No forhandlar dei ulike eigarane om framtida for seismikkreiarlaget frå Gjerdsvika.

Marius Rosbach
19.07.2023

Sanco Holding i Gjerdsvika leverte tidenes beste resultat i fjor. Det går fram av årsrapporten som no er offentleg via Brønnøysundregistera. Dei sju båtane til Sande-reiarlaget segla i 2022 inn nær 649 millionar kroner i fjor – som er ny omsetningsrekord.

Lønnsemda var det heller ikkje noko å utsette på, med ein driftsmargin på skyhøge 31 prosent. Resultat før skatt enda på drygt 185 millionar (sjå tabell under).

– Vi er stolte av resultatet og hadde ei utnytting av flåten på kring 85 prosent i fjor, fortel styreleiar Even Matre Ellingsen til NETT NO.

– Første kvartal i år hadde vi 100 prosent utnytting, og 2023 blir eit nytt godt år, legg han til.

Det høyrer med til historia at reiarlaget i 2021 gjekk i minus for første gong sidan 1998.

Sanco Holding
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
648,9
369,5
Driftsresultat
203,4
-52,2
Resultat før skatt
185,5
-78,9

Sanco-gründer «fekk fyken»
Sanco Holding eig sju skip som blir drifta av Sanco Shipping. Det er ingen hemmelegheit at eigarane har ulike oppfatningar av kva retning reiarlaget skal ta.

I fjor fortalde Sanco-gründer Ivar Slettevoll at han «fekk fyken» - på det viset at han blei valt ut av styret i selskapet. Inn som styreleiar kom bergensaren Even Matre Ellingsen, som fortalde at styret vurderte ulike strategiske moglegheiter – inkludert børsnotering.

Slettevoll er framleis dagleg leiar i managementselskapet og selskapet Charo As, som driftar éin båt. Med andre ord har han framleis ei hand på roret i drifta og kontakta med kundar.

Forhandlar om samanslåing
I årsrapporten blir det opplyst at det no går føre seg forhandlingar om ei samanslåing av Sanco Holding og Sanco Shipping.

– Ei slik eventuell samanslåing vil kunne opne for ein rekke nye moglegheiter for verdiskapande, strategiske grep, heiter det i årsrapporten.

Sanco-gründer og medeigar Ivar Slettevoll opplyser til NETT NO at han ikkje kan kommentere forhandlingane.

Håpar på løysing i løpet av året
Styreleiar Ellingsen håpar dei kjem fram til ei løysing i løpet av året.

– Det er eit godt samarbeid mellom selskapa og vi jobbar for å integrere dei to selskapa, og få på plass same eigarskap hos begge, fortel han.

– Kva skjer om det ikkje blir ein avtale. Kan eit alternativ vere at andre driftar skipa?

– Først må eg seie at skipa blir drifta på ein flott måte. Sanco Shipping er kjent for kvalitet både på fartøy og folk om bord, og kundane er veldig nøgde. Difor ønsker vi å gjere dette gjennom Sanco-systemet. Men, ja - sidan du spør, så meiner eg det er mogleg, svarar Ellingsen.

Vurderer fleire skip
Reiarlaget har til saman sju skip - fem seismikkskip og to støttefartøy. I løpet av fjoråret har reiarlaget også sikra refinansiering som gjer at dei har økonomiske musklar til å investere, fortel Ellingsen.

Fleire skip står ikkje høgst på agendaen for augneblinken, men er absolutt aktuelt.

– Om det dukkar opp ein moglegheit til å erverve eit nytt skip, eller ekspandere på anna måta, så gjer vi gjerne det. Styret ønsker å fornye flåten sakte, men sikkert, seier han.

For at det skal vere aktuelt med nybygg må likevel ratane høgare opp, meiner han.

– Det er høgare og meiningsfulle ratar, men ikkje noko dramatisk auke, seier han.

Det har vore ei formidabel avkastning, samtidig som det har vore investert i skipa
Even Matre Ellingsen

Skipa er sikra jobb i to år
Alle skipa fekk nyleg fornya kontraktar for to år framover, ifølgje Ellingsen. Han ser difor lyst på situasjonen ikkje minst etter det gode fjoråret.

– Det har vore ei formidabel avkastning, samtidig som det har vore investert i skipa med oppgradering, klassing og vedlikehald, påpeiker styreleiaren.

Skipsverdiane i selskapet blei bokført til 1,3 milliardar i 2022-rekneskapen. Gjelda vart samtidig redusert og likviditeten betra betydeleg.

Eigenkapitalen ved utløpet av fjoråret var ein milliard og renteberande gjeld på 551 millionar.

Publisert: 19.07.2023 14:58

Sist oppdatert: 19.07.2023 23:47

Mer om