- Målet vårt på sikt er å overta heile båten, men før det kjem endringar i regelverket må vi nøye oss med den andelen vi no har kjøpt, sa fiskebåtreiar Olav Østervoll i ringnot-reiarlaget Østerbris As i Austevoll til NETT NO etter å ha blitt 49 prosent medeigar.
Då avtalen Østervoll skreiv under avtalen med H.P. Holmeset på Grytastranda i Haram kommune om å kjøpe seg inn i "Geir" var det ikkje lov for eit fiskebåtreiarlag å kjøpe farty frå eit anna fylke.
- Reglene om fylkesbindinger har tidligere gitt utslag som nærmest har tvunget fiskere til å flytte til et annet fylke ved salg av fiskefartøy. Med de nye reglene utjevnes prisforskjellene mellom de nordligste fylkene, og dermed stiller alle her på likere fot med hensyn til tilgang på finansiering, seier fiskeriminister Per Sandberg i ei melding.
- Større fleksibiletet, seier Maråk om konsekvensen av regelendringane.
Han seier endringa kan gjere at det blir ein større geografisk konsentrasjon av eigarskapet i fiske, men trur det er urealistisk med store endringar på kort sikt.
Då avtalen Østervoll skreiv under avtalen med H.P. Holmeset på Grytastranda i Haram kommune om å kjøpe seg inn i "Geir" var det ikkje lov for eit fiskebåtreiarlag å kjøpe farty frå eit anna fylke.
Deler landet i to
No blir fylkesgrensene oppheva og landet delt i to, Nord-Noreg og Sør-Noreg. Fiskebåtreiarar i Finnmark, Troms og Nordland kan fritt handle fiskebåtar (og tilhøyrande kvoter) seg i mellom, og det same gjeld frå Nord-Trøndelag og sørover.- Reglene om fylkesbindinger har tidligere gitt utslag som nærmest har tvunget fiskere til å flytte til et annet fylke ved salg av fiskefartøy. Med de nye reglene utjevnes prisforskjellene mellom de nordligste fylkene, og dermed stiller alle her på likere fot med hensyn til tilgang på finansiering, seier fiskeriminister Per Sandberg i ei melding.
Godt fornøgd
Havfiskeflåten sin bransje- og arbeidsgivarorganisasjon, Fiskebåt, har lenge arbeidd for å fjerne fylkesgrensene. Målet er at fiskebåtar kan handlast fritt over heile landet, men vedtaket frå departementet om å samle Noreg i to regionar er eit godt steg i rett retning, slik fagsjef Jan Ivar Maråk i Fiskebåt ser det.- Større fleksibiletet, seier Maråk om konsekvensen av regelendringane.
Han seier endringa kan gjere at det blir ein større geografisk konsentrasjon av eigarskapet i fiske, men trur det er urealistisk med store endringar på kort sikt.
Publisert: 17.06.2016 13:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58






