Sande kommune ber om møte med Insula
GJERDSVIKA: Sande kommune kjempar for å berge fiskematproduksjonen i Gjerdsvika, og vil møte eigaren Insula. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Sande kommune ber om møte med Insula

Sande kommune gir ikkje opp håpet om å berge deler av produksjonen ved fiskematprodusenten Maritim Food i Gjerdsvika.

17.04.2019
I eit brev til fiskematgiganten Insula ber Sande-ordførar Dag Vaagen om eit møte om vidare drift ved anlegget i Gjerdsvika.
Vaagen viser til at ein er kjend med at det om kort tid skal besluttast i kva grad ein skal fortsette med fiskematproduksjon ved anlegget i Gjerdsvika.

- Dramatisk

"For vårt lokalsamfunn er det sjølvsagt dramatisk det som no kan skje i Gjerdsvika. Vi ynskjer derfor å møte eigarskapet i Insula AS før endelige slutning vert gjort."
Vaagen opplyser om at i eit møte vil kommunen informere meir om den maritime og marine aktiviteten som er i området – og særskilt om den tilrettelegginga som no vert gjort gjennom den omfattande hamneutbygginga i Gjerdsvika.
"Ein delegasjon frå Sande kommune vil kunne møte på avtalt stad på relativt kort varsel," skriv Vaagen.

40 arbeidsplassar

NETT NO har ikkje lukkast å få kommentar frå Insula om ein takkar ja til invitasjonen eller ei.
40 arbeidsplassar står i fare i ei bygd med under 400 innbyggjarar.
Bakgrunnen er at Lerøy-konsernet tok over fiskemat-kontrakten som Maritim Food-anlegget i Gjerdsvika hadde for Norgesgruppen.

Vart for dominerande

Oppdraget har i staden gått til Lerøy Seafood Group si fiskeforedlingsbedrift i Stamsund i Loftoten, der Lerøy er i ferd med å auke satsinga på fiskematproduksjon, som er eit nytt område for Lerøy Seafood Group.
Anlegget i Stamsund blir spesialisert i produksjon av butikk-klare sjømatprodukt som blant anna fiskekaker og fiskebollar.
Til NETT NO har Norgesgruppen opplyst at den dominerande konkurransesituasjonen for Insula, som blant anna eig fiskemat-merket Lofoten, var årsak til at gruppa skifta leverandør.
Dette opplyste Norgesgruppen:
"Maritim har vært en god leverandør til Unil (vårt selskap for egne merkevarer) i en årrekke. Slike kontrakter konkurranseutsettes med jevne mellomrom. Denne gangen kom det opp andre løsninger som vi anser som bedre, og vi valgte dermed å gi en annen bedrift mulighet. Vår nye produsent er Lerøy Stamsund i Lofoten, hvor nye arbeidsplasser etableres.
Årsaken til byttet er en helhetsvurdering basert pris, kvalitet og råstoffutnyttelse mellom filetproduksjon og fiskemat. Som et bakteppe ligger også det at Insula etter oppkjøp av Maritim Foods nå har 85% av fiskematmarkedet i Norge. NorgesGruppen ønsker å bidra til konkurranse innenfor alle kategorier, også fiskemat.
Vi ønsker å takke Maritim Foods for samarbeidet."

Fryktar totalslakt

Dei tilsette i Gjerdsvika fryktar ei fullstendig nedlegging ved at også restproduksjonen som ikkje gjekk til Norgesgruppen også vert avvikla eller flagga ut, som produksjon av fiskebollar til Danmark og produksjon av makrell i tomat til Baltikum eller Polen.
Gjerdsvik-bedrifta har vore den einaste norske produsenten av makrell i tomat.

Etablert i 1932

Det var sommaren 2018 at Gjerdsvik-bedrifta vart overtatt av Insula, som er ein del av det Gustav M. Witzøe-kontrollerte Kverva-systemet (sjå faktaboks).
Før det var bedrifta eigd av finske Apetit, som overtok etter Sandanger-familien som har eigd bedrifta sidan starten i 1932.
I 2017 hadde Sandanger i Gjerdsvika eit resultat før skatt på 1,9 millionar kroner av ei omsetning på 162,1 millionar.
Året før var resultatet før skatt på 2,8 millionar av ei omsetning på 149 millionar.
Tala for 2018 er enno ikkje offentleggjorde.

Publisert: 17.04.2019 10:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34