Sande selskap med gjennombrot paa Faeroeyane
HAUGSBYGDA: Gunnar Skorpen, Geir Flø og Ingebjørn Aasheim i GS Marine med nyskapande transportløysing.
Nytt

Sande-selskap med gjennombrot på Færøyane

- Dette vil revolusjonere måten å tenke hurtigbåt på.

14.03.2019
Det seier skipsingeniør og båtutviklar Ingebjørn Aasheim ved GS Marine.
Gursken-selskapet har nyleg signert kontrakt om bygging av ein 27 meter lang karbonfiber-katamaran med det statlege færiske transportselskapet Strandfaraskip Landsins.
Men det kan verte mykje meir, og det er heller ikkje snakk om ein vanleg katamaran.
- Vi leverer i praksis eit komplett transportsystem, seier Aasheim.

Lærdom frå offshore vind

Katamaranen vert spesialbygd for å frakte turistar og andre reisande til øyar og andre utpostar på Færøyane.
Hittil har dette vore vanskeleg på grunn av mykje sjø og dårlege landingstilhøve, dels med steile klipper.
Men Gursken-selskapet meiner å ha løyst dette problemet ved å byggje katamaranen slik at han automatisk kan koplast fast i baugen til ei spesialbygd kailøysing i stål.
- I offshore vind-industrien har ein slike løysingar, men dette er ikkje brukt før mellom eit fast anlegg på land og ein båt, seier Aasheim.

Billeg kailøysing

Det er selskapet Undertun Industrier som skal levere det modulbaserte kaisystemet.
- Nøkkelen er at dette er billeg å produsere, og kan setjast opp dei fleste stader, seier Aasheim.
Katamaranen vert festa i baugen til kaisystemet, slik at det berre er akterenden som vil bevege seg i bølgjene.
- Systemet vil fungere godt i bølgjer opp til 1,5 meter, seier Aasheim.

Batterihybrid

Den første katamaranen av den nye typen skal kunne ta 97 passasjerar og tre bilar.
I utgangspunktet skal katamaranen brukast til den stadig aukande turisttrafikken på øygruppa, men skal også fungere som reserveløysing for dei ordinære ferjene for Strandfaraskip Landsins.
Katamaranen vert ein batterihybrid.
- Han skal kunne gå rundt 1,5 time på batteri, slik at det vert ei heilt utsleppsfri og stille reise inn til fuglefjell og naturreservat, seier Aasheim.

Brødrene Aa-bakgrunn

Osingen har 12 års erfaring frå katamaranutvikling hos Brødrene Aa før han i 2014 vart teknisk sjef hos Fjellstrand. No er han innleigd av Gursken-bedrifta.
- Utruleg spennande, seier han.
Arbeidet på den nye katamaranen skal starte 1. mai og vare i eitt år.
av dagleg leiar Geir Flø i GS Marine og SSL-direktør Hilmar Eliasen i slutten av februar.
Så stor tru har bedrifta på nysatsinga at ein ser etter samarbeidspartnerar for utrustning av katamaranane.
- Ja, vi bør kunne levere tre-fire slike båtar i året. Då treng vi auka kapasitet, ikkje minst på utrustning, seier Flø.

Ikkje berre Færøyane

Han har stor tru på løysinga andre stader enn på Færøyane.
- Blant anna vil dette vere ideelle løysingar fleire stader i Nord-Norge.
- Dette er noko vi verkeleg har stor tru på, seier Flø.
Strandfaraskips Landsins eigde tidlegare også Smyril Line, men denne delen vart skilt ut etter at Smyril Line klarde å stå på eigne bein.

Vi bør kunne levere tre-fire slike båtar i året. Då treng vi auka kapasitet

Publisert: 14.03.2019 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32