Aleksander Grande foto grande fjord hotel
SØVNELAUS NATT: Manglande melding om at revisor var på plass gjorde at Geiranger Brenneri vart tvangsoppløyst i går. Styreleiar Aleksander Grande (biletet) har bedt om at selskapet blir levert tilbake, og det er det gode sjansar for. Foto: Grande Fjord Hotel
Nytt

Løyser seg truleg for Geiranger Brenneri

Bustyrar reknar med Aleksander Grande får brenneriet sitt tilbake.

15.01.2025

Etter sjokkbeskjeden om at Geiranger Brenneri er tvangsoppløyst har Aleksander Grande bedt om at selskapet blir tilbakelevert, slik at drifta kan halde fram.

Det er det gode sjansar for, seier advokat Øystein Remme, som er bustyrar.

– Det er lite som tyder på at dette er noko anna enn ein feil frå styret si side, seier Remme til Nett No.

Overskot frå første driftsår 
Geiranger Brenneri er eigd av Aleksander Grande og driv brenneri, serveringsstader og butikk i Geiranger. 

Selskapet er knytt til Grande Fjord Hotel, der Grande sin far Odd Kenneth Grande er eigar. Dei to står bak ei felles satsing på å utvide og utvikle Grande Fjord Hotel til eit heilårshotell, der brenneriet er ein del av tilbodet. 

Geiranger Brenneri hadde sitt første driftsår i 2023 og gjekk med overskot både då og i fjor. Selskapet har heller ikkje utbetalte rekningar, ifølgje Aleksander Grande.

Sende ikkje melding om revisor
I slutten av oktober i fjor fekk Geiranger Brenneri varsel om tvangsoppløysing på grunn av at selskapet mangla revisor, med fire vekers frist til å få revisor på plass. Det blei raskt ordna opp, seier Aleksander Grande. 

Men då foretaksregisteret skulle få melding om revisor var på plass, svikta det.

Grande seier at han ikkje var klar over at han som styreleiar skulle vidaresende protokollen frå generalforsamlinga med stadfesting om at revisor var på plass, frå sin Altinn-konto. 

Dermed fekk foretakregisteret aldri den meldinga, og retten tvangsoppløyste selskapet. I slike tilfelle kan retten tvangsoppløyse selskap utan ytterlegare varsel.

Vil ta tid
Sjølv om Grande får selskapet tilbake vil prosessen ta tid. Bustyrar og selskapet er i dialog om vilkår for å i alle fall kunne halde drifta delvis i gang.

Fristen for å levere eventuelle krav til selskapet går ut 18. februar. Ei tilbakelevering kan først ordnast før den fristen er gått ut, og med første skiftesamling 24. februar, reknar Remme det som sansynleg at ei eventuell tilbakelevering kan gjerast først då. 

Publisert: 15.01.2025 12:10

Sist oppdatert: 15.01.2025 12:10