Geiranger Brenneri er tvangsoppløyst. Det var kjennelsen i tingretten. Bustyrar Øystein Remme ringte tysdag ettermidag til dagleg leiar og medeigar Aleksander Grande og fortalde om kjennelsen.
Meldinga kom som lyn frå klar himmel for Grande. Geiranger Brenneri gjekk med overskot både i sitt første driftsår - i 2023 - og også i fjor og alle rekningar er betalt, seier Grande.
– Det er heilt sinnsjukt. Eg har nesten ikkje sove i natt, seier Grande til Nett No.
No er målet å anke kjennelesen og få omgjort og reversert tvangsoppløysinga så fort som råd. Om ikkje står millioninntekter og arbeidplassar på spel, fryktar Grande.
OPPDATERT SAK: Løyser seg truleg for Geiranger Brenneri
Visste ikkje noko
Grande seier det er manglande innsending av generalforsamlingsprotokoll, med mellom anna stadfesting av at selskapet har revisor, som er årsaka til tvangsoppløysinga.
Han trudde alt av dokument var sendt inn til foretaksregisteret slik dei skal vere.
Men Grande hadde oversett at han som styreleiar personleg måtte gå inn i Altinn og huke av av alt var i orden, og sende inn generalforsamlingprotokollen til Geiranger Brenneri.
Han erkjenner feilen, men reagerer kraftig på at det ikkje kom noko som helst varsel, korkje frå foretaksregisteret eller retten, om det manglande dokumentet og krav om tvangsoppløysing.
Då han gjekk inn i Altinn tysdag var sjølv innsendinga av protokollen gjort på åtte sekund, seier han.
Grande seier han og hans tilsette har leita gjennom alt av innboksar, men ikkje funne noko som helst meldingar, eller purringa om at protokollen frå generalforsamlingen ikkje var sendt inn.
Stor satsing
Aleksander Grande og faren, Odd Kenneth Grande, er den sentrale duoen i drifta av det familieeigde hotellet Geiranger Fjord Hotel - i utkanten av Geiranger sentrum.
Hotellet er bygd ut og modernisert, med heilårsdrift som det langsiktige målet.
Målgruppa var tidlegare bussturistar på gjennomreise, men drifta er vridd mot satsing på individuelle reisande. Som ein del av verksemda har hotellet og fått sitt eige brenneri, som er eigd og drive av selskapet Geiranger Brenneri.
Geiranger Brenneri driv også og butikk og uteservering i Geiranger sentrum. 2023-rekneskapen, som er den sist tilgjengelege, viser ni millionar kroner i driftsinntekt og 0,7 millionar kroner i resultat før skatt.
Publisert: 15.01.2025 09:58
Sist oppdatert: 15.01.2025 14:48