Satsar i arbeidsbaatmarknaden
FÅR SELSKAP: Arbeidskatamaranen "Anna" - som her driv reingjering av oppdrettsringar - får frå sommaren selskap av ein nybygd eittskrogs-farty frå Tyrkia. Med fleire faste oppdrag kan det bli fleire farty i flåten til Sandsøy Båtservice framover. 
Nytt

Satsar i arbeidsbåtmarknaden

Sandsøy Båtservice byggjer nytt til rundt 10 millionar kroner.

03.02.2017
Til sommaren kjem Sandsøy Båtservice sin nye arbeidsbåt frå verftet i Tyrkia.
Prisen er rundt 10 millionar kroner, i følgje dagleg leiar og medeigar Aksel Ivan Brinsgsvor.
Reiarlaget vurderte å bygge i Noreg, men valet av eit tyrkisk verft gir "ein betydeleg besparelse", seier Bringsvor. Det nye fartyet blir knappe 15 meter langt og 8,5 meter breitt og har plass til eit mannskap på seks i dobbellugarar. Fartyet skal erstatte arbeidsbåten "Rigid" som er det eine av to farty reiarlaget eig og driv i dag.

25 millionar

I 2016 kjøpte Sandsøy Båtservice katamaranen "Anna" for rundt 12 millionar kroner. Det betyr ei investering i båtar på cirka 25 millionar kroner på to år, og Bringsvor seier målet er å få ein flåte på tre-fire farty.
Sandsøy Båtservice blei skipa i 2014 og kom i drift i 2015. Selskapet hadde 1,5 millionar kroner i driftsinntekter i 2015 og sat att med eit resultat før skatt på 139.000 kroner. Hovudkontor og base ligg på Sandsøya i Sande kommune. Selskapet har åtte tilsette og spesialiserer seg på oppdrettsbransjen, rundt 90 prosent av oppdraga kjem derifrå.
Selskapet har mellom anna ein spylerobot, eit fjernstyrt undervassfartøy som reingjer oppdrettsnøtene i sjøen. "Anna" er utrusta med vaskeanlegg som vaskar ringane i oppdrettsanlegga.

Starta i spot

Frå start har Sandsøy Båtservice satsa i spotmarknaden, men med ein underleverandøravtale for serviceselskapet Abyss. VInteren 2015/2016 kom selskapet til at det ikkje var nok, og satsa på å bygge opp ein kundemasse på eiga hand.
- Vi tok eit val og gjekk all in, seier Bringsvor.
Det valet resulterte først i kjøpet av "Anna" og no i nybygg.
Målet er altså ha få ein flåte på tre-fire farty, men vilkåret er at selskapet først klarer å sikre seg fleire langsiktige kontraktar som gir større stabilitet i drifta, i følgje Bringsvor.

Fleire båtar

Han seier konkurransen er tøff og aukande, og ventar at fleire ny båtar kjem inn i marknaden. Som nykomar er pris, saman med høgt servicenivå og presis levering, avgjerande for å lukkast meiner han. Det er ein viktig grunn til at reiarlaget valde bygging i Tyrkia - det norske prisnivået ville reiarlaget ikkje kunne forsvare.
Skjerpa konkurranse i bransjen er Brinsvor ikkje åleine om å observere. Forretningsutviklar Einar Stephansen i Rambøll Norge AS skreiv nyleg i eit innlegg i NETT NO at det blei levert 45 nye arbeidsbåtar til servicebåtreiarlaga i fjor og anslo at flåten sysselsette over 1100 personar ved utløpet av 2016.

Tilbake i laksebransjen

Aksel Ivan Bringsvor er ingen nykomar i laksebransjen. Han var dagleg leiar i selskapet då familieeigde Bringsvor Laks vart seld i 2012.
Faren er Inge Bringsvor, ein av grunnleggarane av oppdrettselskapet. Inge Bringsvor er medeigar i Sandsøy Båtservice saman med sonen.
Då oppdrettsselskapet vart seld beheld eigarane anlegget på land og det er no basen for det unge reiarlaget.
Vi tok eit val og gjekk all in

Publisert: 03.02.2017 15:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05