Hugo Matre Kristian Lundebrekke foto Ogne
VEKST: Måløy Verft er den ferskaste medlemsbedrifta i Norske Skipsverft. Hugo Strand (t.h.) administrerande direktør i Fitjar Mek. Verksted og styreleiar i Norske Skipsverft og dagleg leiar og medeigar Kristian Lundebrekke i Måløy Verft. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Satsar meir på næringspolitikk

Norske Skipsverft satsar meir på å vere ein interesseorganisasjon.

26.10.2023

Organisasjonen starta som ein sal- og marknadsføringsorganisasjon for skipsverfta, men har dei siste åra også blitt ein interesseorganisasjon som arbeider med næringspolitikk.

Innføringa av grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa er eit kroneksempel på behovet for at Norske Skipsverft engasjere seg i næringspolitikk, ifølgje Hugo Strand.

Han er styreleiar i Norske Skipsverft og dagleg leiar for Fitjar Mekaniske Verksted.

Torsdag arrangerer organisasjonen næringspolitisk dag i Ålesund, med lokalpolitikarar og byråkratar som målgruppe. Planen er å gjere det til eit årleg arrangement.

Ingen konsekvensanalyse
Skipsverfta som bygger brønnbåtar, arbeidsbåtar, bløggbåtar og andre fartøy, vart ikkje spurt om kva grunnrenteskatten ville ha å bety for dei. Heller ikkje for andre utstyrleverandørar vart det gjort ein konsekvensanalyse av grunnrenteskatten.

Etter Strand si vurdering vil det vere varig negative konsekvensar av grunnrenteskatten for verft og utstyrsleverandørar.

Norske Skipsverft har auka det næringspolitiske arbeidet dei tre-fire siste åra, og kjem til å legge enda meir innsats i det arbeidet framover, ifølgje Strand.

Organisasjonen har ikkje auka staben for å arbeide med næringspolitikk, men dreg i staden medlemane med i arbeidet, gjennom fleire arbeidsgrupper.

Nytt medlem
Måløy Verft med knappe 20 tilsette er førebels det ferskaste medlemet i Norske Skipsverft, som no er opp i 24 medlemer.

- Det er talerøret vårt, seier dagleg leiar Kristian Lundebrekke i Måløy Verft om kvifor bedrifta har gått inn i Norske Skipsverft.

Av dei 10 største verfta, målt etter driftsinntekt, er det berre Ulstein Verft og Brørdrene Aa som ikke står på medlemslista.

Publisert: 26.10.2023 11:36

Sist oppdatert: 26.10.2023 13:28

Mer om