Jan Christian Vestre Marti Ulstein Foto Ogne
AKTIV NÆRINGSPOLITIKK: Næringsminister Jan Christian Vestre (til venstre) på besøk på Ulstein Verft i 2021. Til høgre Ulstein Group-sjef Cathrine Kristiseter Marti. Foto: Ogne Øyehaug.
Nytt

- Det er nada når det gjeld verft

Norske Skipsverft etterlyser resultat av regjeringa sin politikk.

25.10.2023

Då Jan Christian Vestre (Ap) vitja Ulsteinvik som fersk næringsminister i seint på hausten 2021 sa han at den einsidige næringsnøytralitet var død. Han vitja både Ulstein Verft og deltok på eit partimøte om kvelden, og varsla at regjeringa også ville prioritere bygging av skip.

- Vi må no sørge for å føre ein aktiv næringspolitikk som sørgar for at at denne industrien blir oppretthalden, og ikkje berre blir oppretthalden, men også styrka, sa Vestre den gong.

Snart to år etter er verftsindustrien ikkje begeistra over resultata.

– Nada når det gjeld verft
- Svaret er eit høgt og tydeleg nei. Dei har ikkje gjort nokon ting, det er nada når det gjeld verft, seier administerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft på spørsmål om det er døme på skipbyggingskontrakter som er inngått på grunn av vedtak - til eksempel regelendringar, eller krav ved offentlege bestillingar av fartøy - som regjeringa har fått gjennom.

Strønen rosar regjeringa for tiltak som er til støtte for reiarar og utstyrsleverandørar, men seier forventningane verftsnæringa hadde til regjeringa ikkje er innfridd.

Presenterer utfordringar til politikarane
I morgon, torsdag 26. oktober møter verftsnæringa region- og lokalpolitikarar til næringspolitisk dag i Ålesund, det første av det Norske Skipsverft planlegg skal bli eit årleg arrangement.

Målet er mellom anna å presentere utfordringar for og ønskje frå næringa for regional- og lokalpolitikarar, med håp om at dei skal ta synspunkta og vurderingane med seg oppover i sine parti.

Vil ha garantiording
Øverst på ønskelista til skipsverfta står ei såkalla forskotsgarantiordning.

Med ei slik ordning kan det offentlege verkemiddelapparatet få høve til å stille med garantiar som gjer at verfta kan garantere at kundane skal få att pengane dei betalar på forskot, dersom verftet ikkje klarer å levere. Fleire år med tap eller dårleg lønsemd har tæra på eigenkapitalen. Det gjer det vanskeleg for verfta å binde opp kapital og stille med garantien sjølve.

På møtet torsdag skal også representantar for skipsverfta presentere sine synspunkt på konsekvensane av grunnrenteskatt på oppdrettsselskapa, strengare krav til innleige av arbeidskraft, auka formuesskatt og kravet om at verfta må reinse sjøbotn for forureining.

Kravet om reinsing, den såkalla sedimentsaka, har vore eit uavklart stridsspørsmål i fleire år. Næringa argumenterer med at miljøgevinsten ved å reinse sjøbotnen er usikker, at det er urimeleg og dagens skipsverft skal dekkje kostnaden åleine og at verfta risikere rå gå overende om dei må ta rekninga.

Ingen døme
NETT NO har også bedt regjeringa om døme på nybyggingskontrakter som er inngått på grunn av vedtak regjeringa har gjort.

Regjeringa har ikkje gitt døme på konkrete kontraktar, men statssekretær Vidar Ulriksen i Næring og fiskeridepartmentet har gitt dette svaret, via kommunikasjonsavdelinga i departementet:

"Regjeringa skal sikre gode rammevilkår og leggje til rette for auka aktivitet ved norske skipsverft. Vi har fleire verkemiddel på plass, blant anna finansiering til kjøparar av skip bygt i Noreg, byggjelånsgarantiar og forskotsgarantiar gjennom Eksfin. Det er snakk om store summar når skip skal byggjast, og då er finansiering ein heilt nødvendig føresetnad. Gjennom byggjelånsgarantiordninga har Eksfin samtidig moglegheit til å avlaste banker som gir byggjelån til verft. Regjeringa har auka andelen garantiar i ordninga frå 50 prosent til 75 prosent.

Verftindustrien har også tilgang til forskings- og innovasjonsstønad gjennom Innovasjon Noreg, Forskningsrådet og Horisont Europa. Det er uklart i kva grad tilbodet til verkemiddelapparatet har vore utløysande for verftkontraktane.

Offentlege innkjøp av fartøy kan ikkje plasserast ved norske verft. Norske verft konkurrerer om kontraktar både med utanlandske konkurrentar og seg imellom. Vi er likevel opptekne av korleis norsk maritim industri effektivt skal kunne konkurrere om kontraktar.

Vi har motteke ei ekstern utgreiing frå Menon Economics av det EØS-rettslege handlingsrommet når det kjem til moglegheita for å stille krav i offentlege innkjøp av skip. Ifølgje utgreiinga har den norske konkurransefordelen til verfta vore knytt til innovativ teknologi og løysingar, fleksibilitet og endringsvilje i byggjeprosessen, samt nærleik til design-, utstyrs- og tenesteleverandørar.

I oppfølginga av utgreiinga fokuserer vi særleg på mogelege krav og kriterium til miljø og til HMS, og bruken av lærlingar og språk.

Regjeringa skjerper krava for å varetake klima- og miljøomsyn ved offentlege innkjøp frå nyttår. Vi foreslår også å skjerpe plikta til å stille krav om bruk av lærlingar i offentlege kontraktar."

Publisert: 25.10.2023 15:00

Sist oppdatert: 25.10.2023 15:49

Mer om