Satsar på å passere 100 millionar kjapt
Spilka-konsernet med store ambisjonar for ny fasadeløysing.
- Vi ser for oss at vi relativt raskt har løfta fasadeløysinga vår til eit tresifta millionbeløp, seier administrerande direktør Terje Bøe i Spilka Industri om forventingane selskapet har til årleg sal av fasadeløysinga si.
Med relativt raskt meiner han innan eitt til to år. Får han rett betyr det at fasadeløysinga vil doble inntektene til Spilka Industri-konsernet allereie i 2022 eller 2023, samanklikna med 2020.
Pengemaskin
Spilka Industri er det største selskapet i Tasso-konsernet, som er eigd av søskena Laila Kristin, Knut Inge og Bjørn Stafset. Selskapet sysselsette 59 årsverk i fjor.
Spilka Industri er først og fremst kjent for vindusbeslaget som gjorde det råd å vippe vindu rundt og vaske begge sider, innanfråt. Først blei det kalt "Husmorvinduet ", deretter "H-vinduet". Beslagproduksjonen var lenge ei pengemaskin, sjølv etter patentet på beslaget gjekk ut i 1992.
Etterkvart hardna konkurransen for beslaget til og nye aktørar kom inn i marknaden.
Store forventningar
Spilka Industri har store forventingar til den nye fasadeløysinga, som no er lansert i marknaden.
Målet er i første omgang den norske marknaden, og deretter eksportmarknaden.
"Bare i Norge monteres det årlig 12 millioner m2 fasader, tilsvarende en markedsverdi på 15-16 milliarder. Ser en på det internasjonale markedet dreier det seg om tresifrede milliardbeløp.", skriv selskapet i ei pressemelding i samband med lanseringa.
Skal halde lenger
Spilka har arbeidd i to år med å utvikle det patentere festesystemet, i samarbeid med ingeniørmiljøet Inventas og Innovasjon Norge, ifølgje pressemeldinga. Systemet skal kunne brukast på alt frå små privatbustadar til store næringsbygg.
Salet skal skje gjennom datterselskapetr Spilka Building Solution, som kan selje berre festesystemet, både festesystem og fasadeplater ogogså stå for montering.
Spilka lanserer fasadeløysinga som eit miljøvennleg produkt. Miljøargumentet heng saman med lang levetid - 60 år - som reduserer behovet for utskifting og utbetring - med tilhøyrande sparte utslepp og materialbruk.
Publisert: 06.10.2021 12:03
Sist oppdatert: 27.10.2021 15:54