Verftet i Måløy har utvikla ein eigen båt for å frakte losar til og frå farty. Utviklingsarbeidet er gjort med tanke på at tilbringartenesta for losane er ute på anbod.
Går alt etter planen vil det i månadskiftet oktober/november vere klart kven som vinn oppdraga. Den avklaringa vonar dagleg leiar Jón Thorvardarson vil utløyse tingingar på nye båtar til å frakte losane med.
Målet er og å vinne innpass i oppdrettsnæringa med eigen arbeidsbåt.
- Vi har diaolg med mange aktørar, seier Thorvardarson.
Etter at nybygget selskapet bygde ifjor, sto Måløy Verft att med lite å gjere i andre halvår, og det er hovudårsaka til det svake resultatet.
Så langt i år driv selskapet om lag i balanse, og Thorvardarson vonar at 2015 skal ende med eit lite overskot.
I sommar nådde verftet ein ordrereserve på 900 millionar. Det er ny rekord og skuldast først og fremst tinging av brønnbåtar frå verftet sin største aksjonær, brønnbåtreiarlaget Rostein.
Men mål i resultat før skatt i prosent av driftsinntektene er det berre snakk om mindre endringar. I 2013 var resultatgraden for Larsnes Mek. Verksted 6,1 prosent, i 2014 5,7 prosent. Det er klart over gjennomsnittet for skipsverfta. Menon Business Economics si kartlegging av dei maritime bedriftene i Møre og romsdal viser at verfta i gjennomsnitt har ein resultatmargin på tre prosent.
Går alt etter planen vil det i månadskiftet oktober/november vere klart kven som vinn oppdraga. Den avklaringa vonar dagleg leiar Jón Thorvardarson vil utløyse tingingar på nye båtar til å frakte losane med.
Målet er og å vinne innpass i oppdrettsnæringa med eigen arbeidsbåt.
- Vi har diaolg med mange aktørar, seier Thorvardarson.
Smell i 2014
Måløy Verft har spesialisert seg på nybygg, ombyggingar og reparasjon av mindre båtar i glasfiber. I dag er det 13 tilsette i bedrifta, etter at den måtte redusere staben etter det svake resultatet i 2014 (sjå tabell).Etter at nybygget selskapet bygde ifjor, sto Måløy Verft att med lite å gjere i andre halvår, og det er hovudårsaka til det svake resultatet.
Så langt i år driv selskapet om lag i balanse, og Thorvardarson vonar at 2015 skal ende med eit lite overskot.
Oppdretts-boom
Medan Thorvardarson jobbar for å få innpass i oppdrettsmarknaden er Jarle Gunnarstein hos Larsnes Mek. Verksted solid etablert.I sommar nådde verftet ein ordrereserve på 900 millionar. Det er ny rekord og skuldast først og fremst tinging av brønnbåtar frå verftet sin største aksjonær, brønnbåtreiarlaget Rostein.
Over snittet
Etter underskot i 2012, det første minusresultatet sidan 2002, fekk verftet på ny overskot i 2013. Pluss blei det og i fjor, sjølv om 2014 enda med lågare driftsinntekter og lågare resultat før skatt enn året før (sjå tabell).Men mål i resultat før skatt i prosent av driftsinntektene er det berre snakk om mindre endringar. I 2013 var resultatgraden for Larsnes Mek. Verksted 6,1 prosent, i 2014 5,7 prosent. Det er klart over gjennomsnittet for skipsverfta. Menon Business Economics si kartlegging av dei maritime bedriftene i Møre og romsdal viser at verfta i gjennomsnitt har ein resultatmargin på tre prosent.
Publisert: 09.10.2015 13:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47






