Satsar på stålfabrikk i Vanylven
Prodtex vil hente kapital for å starte automatisert stålproduksjon på Fiskåholmen. Vegvesenet er mellom dei som trur den nye teknologien kan bli eksportvare.
NETT NO skreiv nyleg at om ny aktivitet ved industrianlegget på Fiskåholmen. Ulsteinvik-selskapet har stor tru på automatisert stålproduksjon på staden, og har allereie klar ein digital tvilling av fabrikken.
– Vi har utreda dette og kome fram til at det er eit potensiale, seier forretningsutviklar Tore Roppen i Prodtex til NETT NO.
I dag er Prodtex i Ulsteinvik ti tilsette, og tidlegare i år vart selskapet Prodtex Industri starta opp. Roppen og dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand anslår at ein fabrikk på Fiskåholmen kan gi arbeid til 30-40 tilsette.
Det er mykje som fortsatt må på plass, men i beste fall håpar ein å kunne starte opp i løpet av året. Dei treng åtte månader til bygginga, før sjølve produksjonen kan ta til.
– Kunnskapen om moderne produksjon av store stålkonstruksjonar har vi her i distriktet allereie. Å etablere ein slik produksjon på søre Sunnmøre, heng i hop med at vi bur her, men også at det er kompetanse her, påpeiker Roppen.
Trur på eksport
Det siste året har selskapet over Bjørnafjorden i Hordaland.
Å bygge bruer i stål med dagens metodar inneber tidkrevjande manuelt arbeid. Teknologien ein no har jobba med, er ei vidareføring av lasersveisteknologien som har vore nytta til å bygge cruiseskip i skipsindustrien. Den nyttar også langt mindre energi enn tradisjonell sveising.
Roppen og dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand er ikkje snauare enn at dei meiner å jobbe med noko som kan bli ei ny norsk eksportvare i stor skala – og Statens vegvesen er samd:
– Teknologien kan eksporterast. I tillegg kan andre aktørar som Bane Nor, Nye Veier, fylkeskommunar og kommune ha stor nytte av automatisert lasersveising- og laser-hybridsveising, sa Kjersti Dunham som er prosjektleiar for ferjefri E39 om resultatet til Statens vegvesen si nyheitsside i sommar.
Billigare ferjefri E39
Prodtex har jobba saman med ingeniørfirmaet Dr.techn Olav Olsen og rådgjevarane i Norconsult på oppdraget. Bakgrunnen er at vegvesenet må kutta kostnader om ein skal få på plass ny ferjefri E39.
Arbeidet kan få stor påverknad for val av bruløysingar på dei store fjordkryssingane i prosjektet.
Det kan også senke kostnaden på heile E39-strekninga med anslagsvis ti milliardar kroner. Roppen påpeiker at deira fabrikk ikkje vert bygd for å lage bruelement til verken Bjørnafjorden, eller Hafast for den saks skuld.
For det første kjem ingen av desse fjordkryssingane til å byggast dei næraste åra. I tillegg vil fabrikken som er under planlegging på Fiskåholmen, vere for liten til å handtere konstruksjonar med slike dimensjonar. Noko av metoden er dessutan at produksjonen kan skje nær der brua skal byggjast.
– Den store mengda av brubygging i Norge, skjer ved dei mange små bruene som byggjast, påpeiker Roppen.
Planlegg emisjon
Til no har dei jobba med å utvikle produksjonsløysinga. No er tida kome for å få på plass finansiering for å starte produksjon på Fiskåholmen.
– Ein slik fabrikk vil koste mellom 60 til 100 millionar, seier Roppen og stadfestar at dei vil gå ut med emisjon.
– Årsaka til at vi vil etablere ein slik fabrikk, er at vi er sikre på at det vil vere lønnsemd i det.
Tore Roppen har bakgrunn som innkjøp- og produksjonssjef ved Kleven verft, og styreleiar i Prodtex er Kjersti Kleven. Deira felles selskap Kleven & Co, er no største eigar i selspet med 36 prosent av aksjane.
Dei andre store eigarane er eit svensk systerselskap, Prodtex AB, med 24 prosent, medan dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand eig 15 prosent.
Lagar robotkode
Prodtex sin ekspertise er i første rekke å lage digitale framstillingar av noko ein kan produsere.
– For oss har det vore viktig å finne ein metodikk som gjer oss sikre på at det er produserbart og at ein framleis har ein kostnad som er betydeleg lågare enn å produsere i eit lågkostland, fortel Roppen.
– Vi laga ein digital tvilling av fabrikken for å verifisere at byggeprosessen er gjennomførtbar, seier Roppen.
Han peiker på ein skjerm på veggen som viser ein film av produksjonen i hallen.
– Det du ser er robotkode. Når den roboten gjer den bevegelsen, er den programmert til det. Om vi hadde hatt den konstruksjonen ståande i Vanylven, kunne vi lasta det ned i styringa på fabrikken. Så kunne vi køyrt akkurat den produksjonen som du ser her, forklarer Roppen.
Meir enn berre bruer
Roppen og Nordstrand meiner metoden kan nyttast til å lage langt meir enn berre bruer.
– I høgste grad, og det vil nok vere slik at vi ikkje berre vil produsere til bruer. Eigentleg kan ein bygge mange ulike typar stålkonstruksjonar med desse verktøya, seier Nordstrand.
Robotane som skal nyttast, er i stor grad hyllevare som dei kjenner priser og funksjonaliteten til.
– Vi kjenner funksjonalitet og pris på alt utstyret som vi ser her. Det er ingen element i prosessane i fabrikken, som er nyutvikling eller prototype, seier Roppen.
– Det er korleis ein nyttar utstyret som er viktig. Alt av verktøya finst allereie. Det er eigentleg litt fantastisk. Det handlar om korleis ein kan utnytte det i gode produkt, seier Nordstrand.
Eigentleg kan ein bygge mange ulike typar stålkonstruksjonar med desse verktøya
Publisert: 02.09.2019 14:27
Sist oppdatert: 25.05.2021 20:07