Jon Erik Engeset1q2019 foto Ogne
AUKAR INNTEKTENE: Jon Erik Engeset er konsernsjef i Hexagon Composites. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nytt minus for Hexagon Composites

Eigarskapen i Hexagon Purus trekkjer framleis ned resultatet til Hexagon Composites.

09.11.2023

Trass kraftig vekst i inntektene og driftsresultatet, både i årets ni første månadar og i tredje kvartal, blei det minusresultat for Hexagon Composites (sjå tabell). Grunnen er auka finanskostnadar, frå 12 til 173 millionar kroner i tredje kvartal, der over halvparten er knytt til verdifall for eigarskapen i Hexagon Purus.

Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde, frå små berbare gassbehaldarar, via tankar og system for bussar og lastebilar, til store mobile gasstankar for industri og anlegg. Hovudkontoret ligg i Ålesund, og Flakk-familien er stor aksjonær, men hovudverksemda ligg i USA og datterselskapet Hexagon Agility. Hexagon Agility, lagar tankar og system for bussar og lastebilar og også store mobile tankar og sto for over 80 prosent av driftsinntektene i årete ni første månadar.

Les børsmelding her

Tidlegare i år reduserte Hexagon Compositets eigarandelen i Hexagon Purus frå over 50 til 38,4 prosent, ved å dele ut Hexagon Purus-aksjar som utbytte. Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar.

Vurderer sal
Tidlegare i år varsla Hexagon Composites at selskapet vurderer sal av datterselskapet Hexagon Ragasco. Den vurderinga pågår framleis,

Hexagon Ragasco på Raufoss, lagar dei små berbare gassbehaldarane nordmenn kjenner frå gassgrillen og er det einaste produksjonsselskapet Hexagon Composites har i Noreg.

Hexagon Composites ASA

Pr. 3. kvartal. I mill. kroner

20232022
Driftsinntekt3749,43027,0
Driftsresultat

164,0

69,8
Resutalt før skatt-130,40,0
Hexagon Composites ASA
3. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt1251,81080,3
Driftsresultat60,27,4
Resultat før skatt-159,2-14,7

Publisert: 09.11.2023 07:57

Sist oppdatert: 09.11.2023 08:18

Mer om