Sel Stormy og to til broennbaatar
SAL: I mai overtok Fosnavaag Wellboat brønnbåten "Stormy". Eit halvt år seinare er båten seld.
Nytt

Sel "Stormy" og to til brønnbåtar

Fosnavaag Wellboat har seld alle sine tre brønnbåtar til selskapet Norsk Fisketransport.

20.10.2014
Fosnavåg-selskapet får om lag 500 millionar kroner for dei tre brønnbåtane "Viktoria Viking", "Viktoria Lady" og "Stormy".
Namsos-baserte Norsk Fisketransport er eit dotterselskap av det børsnoterte konsernet NTS ASA.

Overtek 35 sjøfolk

Kjøpet vart flagga gjennom ei frå NTS måndag.
I tillegg til kjøpet av båtane, overtek Norsk Fisketransport alle kundekontraktene, samt arbeidsgjevaransvaret for 35 sjøfolk.
NTS opplyser at kjøpet vert gjennomført med verknad frå 2. januar 2015.

Seldd etter seks månader

Gjennom oppkjøpet får Norsk Fisketransport hand om den Havyard-utvikla brønnbåten "Stormy", som er rekna som eit av flaggskipa i brønnbåtflåten.
"Stormy" vart overlevert til Fosnavaag Wellboat i mai i år, og er ein brønnbåt med lastekapasitet på 3200 kubikkmeter. Seks månader seinare er båten seld.
"Viktoria Viking" er frå 2010 og lastar 1050 kubikkmeter, medan "Viktoria Lady" er frå 2006 og lastar 1000 kubikkmeter.

Får ti båtar

Investeringa gjer at Norsk Fisketransport totalt vil eige og operere ni brønnbåtar, og vert dermed ein stor aktør saman med Rostein og Sølvtrans.
I tillegg har selskapet ein tiande båt, "Namsos" under bygging. Båten skal kunne ta 3200 kubikkmeter og har ein prislapp på 280 millionar kroner.
Norsk Fisketransport opplyser at dei nye fartøya er forventa å gi ei årleg omsetning på 100 millionar kroner og eit positivt resultatbidrag.

Godt resultat

I børsmeldinga opplyser adm. dir. Espen Ledang i Norsk Fisketransport at investeringa styrkar selskapet sin posisjon som eitt av dei tre leiande brønnbåtselskapa i verda.
- Vi er glade for å ha kome i mål med handelen. Vi ser fram til å ønskje 35 nye kollegaer velkomne til Norsk Fisketransport på nyåret, seier han.
Norsk Fisketransport omsette i 2013 for 299 millionar kroner og oppnådde eit resultat på 52,5 millionar kroner.
Vi ser fram til å ønskje 35 nye kollegaer velkomne til Norsk Fisketransport på nyåret

Publisert: 20.10.2014 09:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38