Remoey Group faar pusterom til 2022
SELT: Forsyningsskipa Rem Mist og søstra Rem Hrist er selt til ein internasjonal kjøpar. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Sel to PSV-ar – og sikra drift på nye skip

Viktig steg for å sikre ny finansiering for det familieeigde Herøy-reiarlaget.

Marius Rosbach
21.07.2022

Remøy Group sel dei to Ulstein-bygde forsyningsskipa Rem Hrist og Rem Mist, og har samtidig sikra driftsavtaler på begge skipa vidare – pluss to andre PSV-ar som kjøparen allereie eig.

Det opplyser Herøy-reiarlaget i ei pressemelding torsdag.

Kjøparen blir ikkje opplyst, utover at det dreier seg om eit internasjonalt shippingselskap. Salet av dei to PSV-ane er gjort via eit dotterselskap og skjer formelt i august.

Reiarlaget opplyser at salet utgjer eit viktig steg i den pågåande refinansieringa av Rem Group og dotterselskapa.

Transaksjonen vil betre reiarlaget sin finansielle posisjon og gjere dei i stand til å forfølgje vekstplanane sine.

– Framtidsutsiktene for selskapet held fram å vere bra, med kraftig auka i etterspurnad etter tenestene til oljeserviceskip dei siste tolv månadene, som følgjer av oppsving i energibehovet, opplyser reiarlaget i meldinga.

Med dei nye driftsavtalane i boks vil Remøy Group ha åtte PSV-skip i flåten, i tillegg til at dei driftar eit forskingsskip og marinefartøy.

Remøy Group er eigd av Line Remøy Strømsvik, Helene Remøy, Sissel Oterhals Remøy og Joakim Remøy.

Publisert: 21.07.2022 14:41

Sist oppdatert: 21.07.2022 15:41

Mer om