Sel tradisjonsrik campingplass
SENTRALT: Alda Camping og Hytter ligg i Olden sentrum, på sørsida av elva, med cruisekaia på andre sida av fjordbotnen.   
Nytt

Sel tradisjonsrik campingplass

75-åring sel ein av landets eldste campingplassar. Kjøparen er 76.

Ivar Myklebust Longvastøl
11.02.2014
- Eg er glad for at nokon vil overta og drive vidare, seier Per Sageflåt (75).
Han har gjort avtale med Dagfinn Muri (76) om å kjøpe Alda Camping og Hytter i Olden, sentralt plassert i turist- og tekstilbygda i Nordfjord.

Blant landets første

Far til Per, Jakob Sageflåt, var ifølgje ein av dei første i landet som starta campingplass.
Allereie før 2. verdskrig tok han i bruk eit område på sørsida av elva til campingplass. Krigen og magre etterkrigsår gjorde at han først starta opp igjen i 1958, og dei første hyttene kom opp i 1964.

14 utleigehytter

Sageflåt sel 14 utleigehytter, to sanitærhus, eit bustadhus og ein låve og eit areal på kring 17 mål.
Per Sageflåt overtok som eigar i 1971, og har altså drive campingplassen i over 40 år. Han flytta frå Olden allereie 18 år gammal og har storparten av tida budd i Oslo-området, men han har vore heime i Olden om somrane og drive campingplassen.

Far og son overtek

Per Sageflåt seier at det i ein alder av 75 år er på tide å bestemme kva som skal skje vidare med campingen. Han har to born med andre jobbar som ikkje ønskjer å halde fram med drifta. Difor er han glad for at Dagfinn Muri og sonen Endre overtek.
Endre Muri (39) eig og driv Olden Feriesenter-Hytter-Sightseeing og kjøpte for eitt år sidan. Han har også fire minitog på hjul som køyrer cruiseturistar rundt i bygda.

Færre nordmenn

Per Sageflåt seier at campingtrafikken har dabba litt av i høve til dei gode tiåra på 1960-, 70- og 80-talet, då folk frå store delar av landet kom til Olden med folkevogn og telt på taket.
- I dag er det så rimeleg å feriere i utlandet at mange reiser langt avgarde, konstaterer han.

Busslaster frå Europa

- Nordmenn er mest opptekne av komfort, men vi får besøk av busslaster med turistar frå Tsjekkia og andre delar av Aust-Europa og ungdom frå Spania, Italia og Aust-Europa som er opptekne av pris.
- I dag er nok utlendingane i fleirtal, seier Sageflåt.

Klart til sesongen

Dagfinn Muri stadfester handelen. Han ønskjer førebels ikkje å seie så mykje, men han understrekar at alt skal vere klart til sesongen startar.
- Vi vil gjerne ha fleire gjester frå Sunnmøre. Det er ikkje lange vegen hit, inviterer han.

Publisert: 11.02.2014 06:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31