(NPK-NTB-Birgitte Iversen): Representantskapet i LO skal tysdag diskutere lønnsoppgjeret. Fellesforbundet ser ingen grunn til å endre krava som vart vedtekne før koronakrisa.
Lønnsoppgjeret var så vidt i gang i mars då koronapandemien stengde ned både landet og forhandlingane.
Partane i frontfaga går i gang med forhandlingane igjen 3. august, og tysdag samlar det høgaste LO-organet – representantskapet – seg digitalt for å diskutere situasjonen.
Før pandemien snudde opp ned på alle økonomiske variablar, var LO-leiinga tydeleg på at dei forventar seg eit svært godt oppgjer for medlemmene sine i år.
LO-leiar Hans Christian Gabrielsen la vekt på at forskjellane har auka over tid i Noreg, og at tida no var kommen for å gi arbeidstakarane sin rettmessige del av kaka.
Under representantskapsmøtet i februar vart det vedteke krav om å sikre auka kjøpekraft for alle og særleg dei låglønte.
– Krava står seg. Vi ser ingen grunn til å endre desse, skriv han i ein e-post til NTB.
– Vi er no i planleggingsfasen for oppgjeret i august. Det er usikre tider, men vi er alltid ansvarlege og følgjer situasjonen tett, legg han til.
Motparten Norsk Industri har teke til orde for å utsetje heile oppgjeret til neste år, men det avviser Eggum.
– Det kan ikkje vere slik at det berre er i gode tider at det skal gjennomførast tarifforhandlingar, seier han.
Partane i arbeidslivet melder om ein forventa årslønnsvekst på 2 prosent, ein nedgang på 1,2 prosentpoeng frå den førre undersøkinga. Næringslivsleiarane har minst forventningar til utviklinga og trur lønnsveksten i eiga bedrift vil bli 1,6 prosent.
Også i regjeringsforslaget til revidert nasjonalbudsjett er overslaget for lønnsvekst sett til berre 1,5 prosent i år, mot 3,6 prosent i det opphavlege forslaget til statsbudsjett i fjor haust.
Både Fellesforbundet og YS har tidlegare sagt til NTB at dei ikkje legg dei låge overslaga til grunn, og seier at dei ventar på ein ny rapport frå Teknisk utrekningsutval (TBU), som kjem utpå sommaren.
Han skal gjere greie for den politiske situasjonen under representantskapsmøtet.
– Eg fryktar at mange av dei 340.000 arbeidstakarane som no er heilt eller delvis ledige, mistar jobben permanent. Det vil føre til meir utanforskap og veksande forskjellar, som er som gift for det norske samfunnet. Det trengst ein aktiv næringspolitikk, kompetansepolitikk og arbeidsmarknadspolitikk for å få det norske arbeidslivet på føtene igjen, seier han.
LO-sjefen meiner fleire grep frå regjeringa er nødvendig framover: Særleg må kommuneøkonomien styrkjast, og permisjonstida må utvidast, seier han.
– Over sommaren går permisjonstida på 26 veker for tusenvis av arbeidstakarar ut. Det betyr at bedriftene over sommaren må bestemme seg for om dei skal ta sjansen på å ta dei tilsette inn igjen, eller om dei skal seie dei opp. Viss regjeringa ikkje utvidar permisjonstida til 52 veker, risikerer vi at mange av dei permitterte blir ledige snart, seier Gabrielsen.
(©NPK)
Lønnsoppgjeret var så vidt i gang i mars då koronapandemien stengde ned både landet og forhandlingane.
Partane i frontfaga går i gang med forhandlingane igjen 3. august, og tysdag samlar det høgaste LO-organet – representantskapet – seg digitalt for å diskutere situasjonen.
Før pandemien snudde opp ned på alle økonomiske variablar, var LO-leiinga tydeleg på at dei forventar seg eit svært godt oppgjer for medlemmene sine i år.
LO-leiar Hans Christian Gabrielsen la vekt på at forskjellane har auka over tid i Noreg, og at tida no var kommen for å gi arbeidstakarane sin rettmessige del av kaka.
Under representantskapsmøtet i februar vart det vedteke krav om å sikre auka kjøpekraft for alle og særleg dei låglønte.
– Krava står seg
Leiaren i Fellesforbundet Jørn Eggum, som startar oppgjeret i frontfaga, meiner det ikkje er behov for å justere krava på grunn av koronasituasjonen.– Krava står seg. Vi ser ingen grunn til å endre desse, skriv han i ein e-post til NTB.
– Vi er no i planleggingsfasen for oppgjeret i august. Det er usikre tider, men vi er alltid ansvarlege og følgjer situasjonen tett, legg han til.
Motparten Norsk Industri har teke til orde for å utsetje heile oppgjeret til neste år, men det avviser Eggum.
– Det kan ikkje vere slik at det berre er i gode tider at det skal gjennomførast tarifforhandlingar, seier han.
Forventar svak lønnsvekst
Forventningsundersøkinga til Noregs Bank viser i andre kvartal likevel klart at både bedriftene og dei tilsette no ventar ein mykje svakare lønnsvekst enn ved inngangen til året.Partane i arbeidslivet melder om ein forventa årslønnsvekst på 2 prosent, ein nedgang på 1,2 prosentpoeng frå den førre undersøkinga. Næringslivsleiarane har minst forventningar til utviklinga og trur lønnsveksten i eiga bedrift vil bli 1,6 prosent.
Også i regjeringsforslaget til revidert nasjonalbudsjett er overslaget for lønnsvekst sett til berre 1,5 prosent i år, mot 3,6 prosent i det opphavlege forslaget til statsbudsjett i fjor haust.
Både Fellesforbundet og YS har tidlegare sagt til NTB at dei ikkje legg dei låge overslaga til grunn, og seier at dei ventar på ein ny rapport frå Teknisk utrekningsutval (TBU), som kjem utpå sommaren.
Fryktar auka forskjellar
Uroa for aukande forskjellar i samfunnet har berre vokse under koronakrisa, seier LO-leiar Hans Christian Gabrielsen til NTB.Han skal gjere greie for den politiske situasjonen under representantskapsmøtet.
– Eg fryktar at mange av dei 340.000 arbeidstakarane som no er heilt eller delvis ledige, mistar jobben permanent. Det vil føre til meir utanforskap og veksande forskjellar, som er som gift for det norske samfunnet. Det trengst ein aktiv næringspolitikk, kompetansepolitikk og arbeidsmarknadspolitikk for å få det norske arbeidslivet på føtene igjen, seier han.
LO-sjefen meiner fleire grep frå regjeringa er nødvendig framover: Særleg må kommuneøkonomien styrkjast, og permisjonstida må utvidast, seier han.
– Over sommaren går permisjonstida på 26 veker for tusenvis av arbeidstakarar ut. Det betyr at bedriftene over sommaren må bestemme seg for om dei skal ta sjansen på å ta dei tilsette inn igjen, eller om dei skal seie dei opp. Viss regjeringa ikkje utvidar permisjonstida til 52 veker, risikerer vi at mange av dei permitterte blir ledige snart, seier Gabrielsen.
(©NPK)
Det kan ikkje vere slik at det berre er i gode tider at det skal gjennomførast tarifforhandlingar
Publisert: 09.06.2020 10:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58