Kaare Gunnar Saetre Catrin Saetre sunnmore naeringsmegling foto marius 11
FAR OG DOTTER: Kåre Gunnar Sætre og Catrin Sætre er to av tre tilsette i Sunnmøre Næringsmegling. Tore Hårvik er også meklar i det familieigde selskapet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ser lysning i marknaden for næringseigedom

Ålesund-meklarar har nyleg hatt fleire sal som har gått millionar over takst.

Marius Rosbach
17.03.2024

Etter ein treg marknad for næringseigedom i fjor, er det no fleire telefonar som ringer på kontoret til Sunnmøre Næringsmegling.

Det fortel Catrin Sætre og Kåre Gunnar Sætre i det familieeigde meklarfirmaet i Ålesund. Torsdag snakka førstnemnte om status i bransjen under Eiendomsdagen til Øverbø Gjørtz i Ålesund.

– Vi er på veg mot eit meir normalisert eigedomsmarknad og ventar eit sterkare 2024, var bodskapen hennar.

Vi er på veg mot eit meir normalisert eigedomsmarknad og ventar eit sterkare 2024,
Catrin Sætre
Kongens gate 16 foto Sunnmøringe Næringsmegling
KONGENS GATE: Bygården Kongens gate 16 er kjøpt av ein utanbys investor som vil utvikle eigedomen. Foto: Sunnmøre Næringsmegling

Fleire raske sal over takst
– Ekspertane seier at dei trur det vil losne i løpet av 2024, og vi har trua på at det vil skje. Vi har absolutt meir å gjere no enn vi hadde før jul, fortel Catrin Sætre til NETT NO.

Meklarfirmaet med far og dotter som to av tre tilsette, har den siste tida seld ein rekke eigedomar godt over prisantyding og takst.

– Kongens gate 16 er eit eksempel som gjekk over takst til ein investor utanfrå som såg moglegheiter til å utvikle eigedommen, fortel ho.

Salet var unnagjort i løpet av berre ei veke.

Breivika industriveg 47 B, som er ein seksjon av eit næringsbygg, er eit anna eksempel. Eigedomen gjekk godt over takst – dagen etter at den blei lagt ut.

Breivika industriveg 47 B foto Sunnmøre Næringsmegling 11
BREIVIKA: Denne seksjonen i Breivika i Ålesund blei selt til godt over takst dagen etter den vart lagt ut. Foto: Sunnmøre Næringsmegling

Stoppa nesten heilt opp i fjor
Under fjorårets arrangement spådde Espen Skarbø frå Møremegling minst eit år med svært avventande marknad.

Kåre Gunnar Sætre fortel at bransjen over store delar av landet, merka godt at bremsane vart sett på i fjor.

– Det trekvart siste delen av året i fjor, stoppa det nesten heilt opp, seier han.

Slik har det vore over store delar av landet, men Sætre påpeiker at Ålesund uansett er ein liten marknad med avgrensa omsetning.

Han fortel at dei i første rekke sel bygg og eigedomar til lokale næringsdrivande som skal nytte bygget til å drive eigen verksemd.

Mindre deler av salet går til investorar, eller sokalla syndikatkjøparar. For desse kjøparane, er det gjerne største interesse kring eigedomar med få og stabile leigetakarar.

– Moderne lokalar meir arealeffektive
Under presentasjonen kom Catrin Sætre også inn på leigemarknaden. Her har marknaden teke seg opp og dei opplever auka pågang.

– Vi trur at mange arbeidsgivarar har fått auga opp for at gode kontor gir eit godt arbeidsmiljø - og at det er noko dei vil tilby sine tilsette, seier ho.

Etterspurnaden etter middels gode lokale, er difor gått ned.

– Folk vil gjerne ha det beste og dyraste. Samtidig er gjerne moderne lokalar meir arealeffektive, som gjer at ein får plass til fleire tilsette på færre kvadratmeter, legg ho til.

Publisert: 17.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 17.03.2024 16:04

Mer om