Knallaar for Ulsmo
TØFFARE I FJOR: Ulstein-søskena Ingerid og Gunvor Ulstein er dagleg leiar og styreleiar i Ulsmo-konsernet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kraftig barbert overskot for Ulsmo

Langt magrare for Ulsteinvik-konsernet i fjor.

Marius Rosbach
20.07.2023

Etter eit svært godt år i 2021, vart 2022 eit langt magrare år for Ulsmo-konsernet i Ulsteinvik.

Ulsmo er eigd av Ulstein-syskena Gunvor, Tore, Vegard, Idar Marius og Ingerid Ulstein. Dei kunne i fjor fordele eit utbytte på meir enn 150 millionar etter eit overskot før skatt på nær 140 millionar frå konsernet.

I 2022 er overskot før skatt barbert til knapt ein 50. del av overskotet året før. Eit resultat før skatt på 2,7 millionar er det dårlegaste sidan tapsåra i kjølvatnet av offshorekrisa.

Utbytte etter fjoråret vart likevel på drygt 23 millionar, viser årsrapporten.

Ulsmo-konsernet hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på vel 1,7 milliardar kroner, og ei samla gjeld på 1,45 milliardar.

Ulsmo (konserntal)
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
1006,9
1591,9
Driftsresultat
16,7
110,7
Resultat før skatt
2,7
138,9

Godt år for eigedom
Ulsmo-konsernet er inndelt i Ulsmo Maritim, Ulsmo Finans og Ulsmo Eigedom.

Eigedom hadde ein nedgang i resultat, men likevel eit godt år, skriv leiinga i årsrapporten. Konsernet auka leigeinntektene frå utleigemarknaden for eigedom, og hadde låg ledigheit.

Marknaden for næringseigedom var svakare i 2022, enn under pandemiåra, skriv leiinga i årsrapporten.

Konsernet hadde eit godt år på bustadmarknaden og er i sluttfasen med Fri Sikt-utbygginga med 159 leilegheiter på Volsdalsberga i Ålesund.

I fjor vart det selt 44 bustader til ein verdi av 200 millionar. Det er ein nedgang frå rekordåret 2021 med 83 selte bustader til ein verdi av 355 millionar.

Slo børsindeksen i fjor
Leiinga seier seg nøgd med resultatet fra finansavdelinga.

Avkastninga på heile porteføljen vart i fjor 15 millionar - tilsvarande 1.6 prosent. Til samanlikning fall referanseindeksen med 6,1 prosent i fjor.

Utsiktene for finans 2023 blir omtalt som moderate.

Ny nedtur for skipsbygging
På det maritime området vart 2022 ein ny nedtur for Ulstein Group, etter ei positiv utvikling i 2021.

Koronapandemien heldt fram å påverka både omsetning og kostnadsnivå. Det var likevel god aktivitet i denne delen av verksemda, som hadde kring 360 tilsette i fjor.

Framover ventar skipsbyggjarkonsernet auka etterspurnad etter kabelskip, serviceskip og installasjonsskip. Samtidig har auka ratar og høgare aktivitet i olje- og offshore, ført til styrkinga i denne marknaden.

Publisert: 20.07.2023 08:48

Sist oppdatert: 20.07.2023 12:33

Mer om