Karl Oskar Moldskred Ulstein Betongindustri foto marius 11
FULL FART: Formann Karl Oskar Moldskred ved Ulstein Entrerenør og dei andre tilsette i Ulstein Betongindustri-selskapa har hatt mykje å gjere dei siste åra. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Sette ny omsetningsrekord

God vekst, men tap på betongkonstruksjonar trekte resultatet ned.

28.06.2022

Aldri før har dei ulike selskapa i konsernet Ulstein Betongindustri tent meir pengar enn i 2021. Omsetninga nærmar seg no 200 millionar kroner.

Likevel vart resultatet før skatt berre på 3,8 millioner kroner i fjor. Eit negativt resultat frå dotterselskapet Ulstein Betong Marine drog ned.

Ulstein Betongindustri
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 191,5 164,7
Driftsresultat 3,9 10,5
Resultat før skatt 3,8 7,4

77 tilsette
Størsteparten av inntektene for Haddal-bedrifta kjem frå satsinga på bygging av flytande betongkonstruksjonar, spesielt til oppdrettsnæringa. I fjor omsette denne delen av verksemda for 118,8 millionar kroner, opp frå 103,2 millionar året før.

Men resultatet før skatt enda på minus 3,5 millionar kroner, mot eit lite pluss året før.

Totalt arbeider det 77 tilsette i Ulstein Betongindustri, der 40 arbeider i Ulstein Betong Marine.

(saka held fram under)

Ulstein betong marine oppdrett forflåte foto marius 11
FORFLÅTER: Store flytande konstruksjonar som slike forflåter til oppdrettsnæringa, har gitt store oppdrag for Ulstein-konsernet. Foto: Marius Rosbach

God ordreinngang
Styret skriv i årsmeldinga at ordresituasjonen i dei ulike selskapa er god, det same med den generelle marknadssituasjonen.

Konsernet har ein samla eigenkapital på 76,0 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 84,8 millionar.

Ulstein Betongindustri er eit familieeigd selskap, der aksjane er fordelte på 24 eigarar.

Dei som eig over sju prosent er Leif Inge, Oddvar, Vidar, Tor-Inge og Ståle, alle med etternamn Moldskred.

Publisert: 28.06.2022 11:30

Sist oppdatert: 28.06.2022 11:33

Mer om