Får utstillingsvindauge midt i Oslo
Ulstein Betong Marine leverer snart prestisjeoppdrag og oppdraga renn inn. Å få tak på fagfolk er det verre med.
Konsernet Ulstein Betongindustri har vore gjennom ein vekst og betydelege investeringar dei siste åra. Asbjørn Tronstad leiar dotterselskapet Ulstein Betong Marine, som er den delen av verksemda som opplever den største veksten for tida.
– I slutten av månaden blir tre nye «skrog» sjøsette i Haddal. Etterpå skal vi i gong med to til, og når dei er sjøsette, er det enno to til på gang. Og seinast denne veka fekk vi bestilling på to store flytemoloar, fortel Tronstad til NETT NO.
Satsinga på fôrflåter til oppdrett er mellom produkta som driv veksten. Her har dotterselskapet hatt eit langvarig samarbeid med Marine Constructions som står for marknadsføring og sal av produkta.
Ferjeterminal for Nesoddbåtane
I desse dagar er arbeidarane ved Haddal-bedrifta i full sving med ein ferjeterminal som skal plasserast midt i Oslo, der Aker Brygge møter Rådhusplassen.
– Terminalen er ein del av elektrifiseringa av Nesoddbåtene og blir eit fint utstillingsvindauge for oss, trur Tronstad.
(saka held fram under)
Han fortel at oppdraget kravde litt ekstra kreativitet for å løyse. Då kom det langvarige samarbeidet med Moldskred AS i Sula godt med. Arkitekt- og ingeniørfirmaet prosjekterer alt som vert produsert hos Ulstein Betong Marine.
– Oppdraget kom via vår samarbeidspartnar over mange år, Marina Solutions i Ørsta. Dei marknadsfører og sel dei fleste flytekaiene og flytemoloane vi produserer, fortel Tronstad.
Trur på utvida bruksmåtar
Betongbedrifta har tru på at bruksmåtane for flytande konstruksjonar, berre vil bli utvida. Spesielt trur dei arealet under dekk på flytekaiene vil bli utnytta i langt større grad. I vinter leverte dei til dømes ein flytemolo med fleire servicefunksjonar til gjestehamna til Vollen Marina i Asker.
– Då installerte vi toalett og dusj nede i skroget, i tillegg er det opphaldsrom, servicerom og hamnekontor. Det går meir og meir i denne typen kaier, forklarar Tronstad.
Løyser oppdrag hos Ulstein Verft
Etter at det blei investert i ny dokk, kai og kontorbygg, har kapasiteten auka betydeleg. Likevel opplever dei at det av og til vert for liten dokkplass til å få bygd alle skroga.
Difor har dei for augneblinken også utvida verksemda til tørrdokka ved Ulstein Verft. Her nyttar dei ledig plass bakom eit snart ferdig ekspedisjonscruiseskip, til å bygge ei fortøying- og serviceflåte til arbeidsbåtar i Oslofjorden.
Tronstad er takksam for vilja til eit godt samarbeid med Ulstein Verft. Sjølv om det er ein ekstrakostnad å produsere ved ein annan lokalitet enn i Haddal, kan det vere aktuelt å rette ein spurnad til verftet ved seinare høve.
(saka held fram under)
Kan utvide på Kvalneset
– Om vi hadde ei eiga dokk av den storleiken som Ulstein Verft har, så vil det gi store moglegheiter til å løyse større oppdrag innan samferdsel eller andre flytebetongkonstruksjonar, seier Tronstad.
På sikt har konsernet moglegheiter til å utvide på eit større område ved Kvalneset. Konsernsjef Harald Sætre stadfestar til at dei framleis held moglegheita ope, men at det per no er ikkje er planar om å gå for ei slik utviding.
– Vi kan etablere ei større tørrdokk her på sikt, men det vil vere ei stor investering og førebels er ikkje marknaden der til å gå for dette, seier Harald Sætre til NETT NO.
(saka held fram under)
Fleire utdannar seg til tømrar og elektrofag, medan betongfaget har fått mindre merksemd
Vanskeleg å finne fagfolk
Ei utfordring som er verre å løyse enn lokalitetar, er å få tak på norske fagfolk til å gjere jobben. Konsernsjefen påpeiker at dei ikkje har noko å utsette på utlendingane dei har i jobb, men meiner det burde vere rom for fleire nordmenn i bransjen.
– Det har vore ei dreiing med at fleire utdannar seg til tømrar og elektrofag, medan betongfaget har fått mindre merksemd. Det er litt forstemmande, seier Sætre.
Asbjørn Tronstad fortel at han gjerne tilsett både fire og fem nye betongarbeidarar i Ulstein Betong Marine, for å halde tritt med den aukande oppdragsmengda.
– Vi tilsetter også dei som gjerne vil bli betongarbeidarar. Så om nokon likar fysisk arbeid utandørs både sommar og vinter, så treng vi fleire folk, legg Tronstad til.
(saka held fram under)
Konsernsjef Sætre fortel at dei forsøker vere synlege når anledningane byr seg ved jobbmesser, fordi dei vil auke interessa for utdanninga - men opplever at utviklinga ser ut til å halde fram.
– Vi har fått ein god miks med tilsette, men er framleis heilt prisgitt at vi får tak på utanlandsk arbeidskraft, fortel Harald Sætre.
Ny rekordomsetning – dårlegare lønnsemd
Trass i utfordringane med koronapandemien, auka konsernet inntektene i fjor.
Sjølv om det blei ny rekordomsetning er konsernsjefen berre måteleg nøgd, ettersom overskotet blei betydeleg mindre enn i rekordåret 2019 (sjå tabell under).
– Ambisjonane var å levere et betre resultat i 2020, men med all den usikkerheita som har vore, må vi likevel seie oss rimeleg nøgd, fortel han.
Sjå resultattabell under
Ulstein Betongindustri (konsern eksklusiv internsal) | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 165 | 158 |
Driftsresultat | 10,5 | 18 |
Res. før skatt | 7,5 | 15,9 |
Publisert: 23.04.2021 05:55
Sist oppdatert: 16.07.2021 13:05