SFE vil vente med utbytte-avgjerd
Inntektene steig og lønsemda gjekk ned for kraft-konsernet i fjor.
I januar i år varsla Sogn og Fjordane Energi om store tap på sikringsavtalane selskapet hadde inngått for 2021. I dag kom tala som stadfesta varselet (sjå tabell).
Sogn og Fjordane Energi (SFE) kom godt ut av 2020 takka vere sikringsavtalar som gjorde at selskapet fekk godt betalt for kraft si sjølv om spotprisen stupte.
I 2021 slo det stikk motsett ut, og i januar i år sende selskapet ut eit børsmelding om at sikringskontraktane "gir eit negativt resultatbidrag for 2021 på ca 150 mill. kr etter skatt".
Reknskapen som kom i dag viser at tapet på sikringskontraktane blei 157 millionar kroner.
Vil vente med utbytte
No vil SFE vente til hausten med å avgjere om selskapet skal betale ut utbytte til eigarane etter 2021.
Etter 2020 betalte selskapet 75 millionar kroner i utbytte, og styret ber om fullmakt til å betale ut like mykje etter 2021 - men altså eventuelt først til hausten.
Overrraska
Svingingane i kraftmarknaden og effekten på verdien av sikringskontraktane kom overraskande på SFE.
- SFE sikrar kraftproduksjonen sin til systempris, ein teoretisk pris lik det straumprisen ville vore med heile børsområdet som eitt prisområde. Historisk har det vore svært god samvariasjon mellom prisen i vårt område og systemprisen, og prissikringa har fungert etter hensikt. Då prisane i Sør-Noreg plutseleg skaut i vêret i fjor, fekk vi eit stort sprik mellom prisen i vårt område og systemprisen. Vi slutta å prissikre mot systempris i mai, men likevel pregar dette årsresultatet vårt vesentleg. Så store forskjellar mellom prisområda har det aldri vore tidlegare. Dersom systemprisen hadde vore lik prisen i vårt område, ville SFE hatt eit positivt resultat etter skatt på cirka. 235 millionar kroner, seier økonomi- og finansdirektør Martin Holvik i ei børsmelding frå selskapet.
Sogn og Fjordane Energi as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 1643,8 | 1090,4 |
Driftsresultat | 160,8 | 251,9 |
Resultat før skatt | 145,3 | 220,3 |
Resultat etter skatt | -64,6 | 199,9 |
Publisert: 30.03.2022 16:02
Sist oppdatert: 30.03.2022 16:06