Bilde signering kontrakt 1
FRÅ VENSTRE: Dagleg leiar i Veøy Møre og konsernsjef i Veøy, Lars Elling Bjåstad, dagleg leiar i Digerneset Næringspark, Nils Eirik Wenaas, dagleg leiar i PEAB K. Nordang, Kjetil Nordang og dagleg leiar i Veøy Holding AS, Arne M. Langseth, signerte leigeavtalen 7. november.
Nytt

Satsar på framtida – til trass for krevjande tider

Signerte kontrakt for ny logistikkterminal på Digerneset.

Trass krevjande tider har Veøy Møre og Digerneset Næringspark inngått leigeavtale for ny logistikkterminal på Digerneset, seier konsernsjef Lars Elling Bjåstad i Veøy.

Veøy-konsernet er eit privateigd transportselskap med 400 bilar og 600 tilsette.

– Dette dreier seg om å løfte oss sjølv. Det er hovudmålet med å ta dette dristige steget.

Krevjande tider
Bjåstad seier veksten dei har hatt tidlegare er vanskeleg å oppretthalde, at innteninga er vanskeleg og at:

– Det er krevjande å ta att meirkostnadane i ein litt trått marknad. Vi har utfordringar med å drive lønsamt, det er ikkje tvil i.

Årsaka er den same som for dei fleste selskap: Kostnadsvekst.

– Men vi må tenke på rasjonalitet og drift, samt tilføre fleire aktivitetar til det nye bygget som vil ha plass til meir enn vi har behov for i dag.

Tenker positivt
Årsaka til at dei no skal flytte er at ein gamal leigeavtale på lager, lokale og kontor snart går ut. Den tok dei over då dei kjøpte Transferd-avdelinga til Firda Billag i Ålesund i 2015.

Denne leigeavtalen førte til begrensingar for Veøy.

– For å utvikle oss vidare var vi nødd til å ta ein del grep.

Bjåstad meinte difor at det blei rett for dei å ta eit skritt og satse på ny terminal til trass for krevjande tider.

– Veøy Møre er med i eit konsern med elleve undereiningar. Vi har bygd og kjøpt på ein del andre felt. Sånn sett er dette eit ledd for å komplimentere med ei satsing i fylket og på Sunnmøre.

Han legg ikkje skjul på at det er eit tøft tak å investere i slike tider, men han håper det er rett for framtida.

169943901024266010248 d223c01024ba 23010245 4ccf b9010248 010240102460102401024f4948ec 1
PLANEN: Slik ser Sporstøl Arkitekter føre seg at den nye terminalen kan sjå ut. Illustrasjon: Sporstøl Arkitekter.

Berømmer Veøy
Dagleg leiar i Digerneset Næringspark AS, Nils Eirik Wenaas, berømmer Veøy for å tørre å satse i tider med mykje negativt søkelys i media.

– Vi har tru på at fleire kjem etter sidan det er mindre press på byggekostnadane no, enn det har vore dei siste åra.

Han peikar på at mangel på strategiske areal for verksemder som Veøy, som er ei kjent problemstilling for Ålesund kommune, kan vere ein faktor som kan få fleire til å satse.

Vil huse 96 tilsette
Terminalen vil bestå av eit bygg på 4.385 kvadratmeter fordelt på kontor, omlastingsterminal, lager og overbygd utelager.

Det er PEAB K. Nordang AS som har sikra seg oppdraget med å bygge terminalen. Tomta er på nær 17 mål og det er Sporstøl Arkitekter i Ulstein som har tegna den nye terminalen i samarbeid med utleigar og leigetakar.

Logistikkterminalen vil bli arbeidsstaden for 96 tilsette i Veøy Møre og skal etter planen stå klar til innflytting første kvartal 2025.

Publisert: 08.11.2023 13:00

Sist oppdatert: 08.11.2023 12:58

Mer om