Frank Edvard Vike foto MMC First Process
TRAVEL TID: Sals- og marknadsdirektør Frank Edvard Vike i MMC First Process gått landa fleire store avtalar på kort tid. Foto: MMC First Process.
Nytt

Signerte kontraktar på 700 millionar på ei veke

MMC First Process-oppdrag til seks fartøy.

12.09.2022

MMC First Process lagar utstyr for bearbeiding og handtering av fisk, både til båtar og til fiskeindustri på land.

Den siste veka har det hopa seg opp med kontraktssigneringar.

MMC First Process skal levere utstyr til to bløggebåtar som skal byggast for reiarlaget Napier, fiskehandteringsysterm for fire brønnbåtar, og kontraktar med to ikkje namngitte kundar for levering av energieffektiviseringssystem. I alt er det snakk om oppdrag for 700 millionar kroner, skriv selskapet i ei pressemelding.

Nye marknadsområde
- Ekstra gledeleg for selskapet er det at fleire av kontraktane kjem frå nye marknadssegment som selskapet strategisk har jobba opp dei siste åra. Utvikling av kuldeavdelinga til Energy Efficiency System treff svært godt i disse dagar på leveransar til lakseslakteria, seier sals- og marknadsdirektør Frank Edvard Vike i MMC First Process i ei pressemelding.

Han ventar fleire kontraktssigneringar framover.

Over milliarden
MMC First Process passerte ein milliard kroner i driftsinntekt for første gang i fjor. Det er rekord, og selskapet har auka arbeidsstokken kraftig - til 211 ved utgangen av juli - og vil rekruttere vidare.

Selskapet ha mellom lokka med festivalhelg på Nordvestlandet for å trekkje til seg potensielle kandidatar.

Publisert: 12.09.2022 13:48

Sist oppdatert: 12.09.2022 14:20

Mer om